Acidose er ei opphoping av syrer som vert danna i kroppen. «Acidose» tyder syreforgifting, og vil seia at pH-verdien til blodet er under 7,35. Kraftig acidose er akutt livstrugande.
Acidose kan ha fleire ulike årsaker. Tilstanden oppstår oftast i samband med sukkersjuka. Acidose vert inndelt etter årsaker i respiratorisk eller metabolsk acidose.
Respiratorisk acidose Respiratorisk acidose skuldast at kroppen ikkje klarar å kvitta seg med karbondioksid gjennom lungene på vanleg måte, slik at CO2 hopar seg opp i blodet. Respiratorisk acidose kan oppstå til dømes ved eit astmaåtak eller dersom pusten stoppar. Årsaker: Kronisk lungesjukdom Morfinforgifting Skader i brystkasseregionen
Metabolsk acidose Metabolsk acidose skuldast opphoping av ikkje-flyktige syrer i blodet eller tap av HCO3-. Dette kan koma av auka syreproduksjon, til dømes maursyre ved metanolforgifting eller ketonlekamar ved ukontrollert sukkersjuka. Årsaker: Diabetes Mjølkesyreforgifting Trespritforgifting Nyresvikt Salicylatforgifting Kjølevæskeforgiftning (etylenglykol) Diaré Nokre nyresjukdommar
Symptom Som regel ligg det alvorleg sjukdom til grunn for denne komplikasjonen, og sjukdomsbiletet vil difor vanlegvis vera prega av hovudsjukdommen. Milde acidosar treng ikkje gje symptom i det heile. Vage symptom som kvalme og oppkast kan vera tidlege teikn på ein metabolsk acidose.Metabolsk acidose frå Pasienthåndboka.no
Sjå òg Alkalose pH Syre Base
Kjelder caplex.no Denne artikkelen bygger på «Acidose» frå , og «Acidos» frå den 9. oktober 2009.
Fotnotar
Kategori:Akuttmedisin