Breithorn eller Lauterbrunnen Breithorn er eit 3780 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantona Bern og Valais går over fjellet.

mini|venstre|250px|Breithorn sett frå nord frå Schilthorn

Geografi Fjellet ligg mellom Grosshorn og Tschingelhorn. Mellom Breithorn og Tschingelhorn ligg det bredekte Wetterlücke. Mot nord stuper Breithorn i ein om lag 1 200 meter høg berg- og isvegg, Lauterbrunnenveggen, ned i Lauterbrunnental og dannar ein imponerande avgrunn.

Fyrsteklatring Fjellet vart klatra fyrste gongen den 31. juli 1865 av fjellpioneren Edmund von Fellenberg frå Bern. Med seg på turen hadde han fjellførarane Johann Bischoff, Peter Egger, Peter Inäbnit og Peter Michel frå Lauterbrunnen og Grindelwald.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Breithorn (Lauterbrunnen)» frå , den 7. oktober 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern