Jordskifteretten er ein særdomstol som handsamar saker for «eigedomar som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve» (Jordskifteloven § 1).

Jordskifteretten si hovudoppgåve er å halde jordskifte. Dette vil seie å fordele jord og rettar mellom grunneigarar og rettshavarar for å få gjennomført ei tenleg fordeling av areal og rettar på dei einskilde bruka innanfor jordskifteområdet.

Eigarar av ein eigedom, eller nokon som har ein varig bruksrett, kan krevje sak for jordskifteretten når eit problem med eigedomen eller bruksretten kan løysast etter reglane i jordskifteloven. Jordskifteretten skal ikkje handsame saker for eigedomar som ligg i tettbygde strok før kommunen har hatt høve til å uttale seg.

Domstolen omfattar 34 jordskifterettar og 5 jordskifteoverrettar. Ankeinstans for jordskifteretten er anten lagmannsretten eller jordskifteoverretten, alt etter kva avgjerda ein vil ha overprøvd dreiar seg om.

Jordskifteretten er samansett ein jordskiftedommar og to meddommarar. I svært kompliserte saker kan retten setjast med fire meddommarar. Det vanlege er at saker i jordskifteretten blir ført av partane utan bistand av advokat, men også advokat kan nyttast.

Jordskifteretten handsamar også tvistesaker om eigedomsgrenser eller bruksrettar (Jordskiftelova §§ 88, 89).

Jordskifterettane i Noreg

Hålogaland Finnmark jordskifterett - Vadsø Nord-Troms jordskifterett - Tromsø Ofoten og Sør-Troms jordskifterett - Harstad Lofoten og Vesterålen jordskifterett - Sortland Salten jordskifterett - Bodø Helgeland jordskifterett - Mosjøen

Hålogaland jordskifteoverrett - Tromsø

Frostating Nord-Trøndelag jordskifterett - Steinkjer Sør-Trøndelag jordskifterett - Trondheim Nordmøre jordskifterett - Surnadal Romsdal jordskifterett - Molde Sunnmøre jordskifterett - Ørsta

Frostating jordskifteoverrett - Molde Gulating Nordfjord jordskifterett - Nordfjordeid Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett - Førde Indre Sogn jordskifterett - Leikanger Nord- og Midhordland jordskifterett - Bergen Indre Hordaland jordskifterett - Vossavangen Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett - Leirvik Sør-Rogaland jordskifterett - Stavanger

Gulating jordskifteoverrett - Bergen

Agder Lista jordskifterett - Flekkefjord Marnar jordskifterett - Kristiansand Aust-Agder jordskifterett - Arendal Øvre Telemark jordskifterett - Kviteseid Nedre Telemark jordskifterett - Skien Vestfold jordskifterett - Tønsberg

Agder jordskifteoverrett - Skien Eidsivating Nedre Buskerud jordskifterett - Drammen Øvre Buskerud jordskifterett - Gol Valdres jordskifterett - Fagernes Nord-Gudbrandsdal jordskifterett - Vågåmo Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett - Lillehammer Nord-Østerdal jordskifterett - Tynset Hedemarken og Sør-Østerdal jordskifterett - Hamar Glåmdal jordskifterett - Kongsvinger Akershus og Oslo jordskifterett - Lillestrøm Østfold jordskifterett - Sarpsborg

Eidsivating jordskifteoverrett - Hamar

Bakgrunnsstoff Jordskifteloven av 21. desember 1979 nr. 77, hos Lovdata.no Offisiell informasjon om jordskifte, hos jordskifte.no

Kategori:Domstolar i Noreg