Zinédine Yazid Zidane () er ein tidlegare fransk fotballspelar. Han spelte for den spanske klubben Real Madrid og det franske landslaget og vart rekna som ein av dei beste på begge laga, og i verda generelt. Han har i fleire år fått tittelen årets spelar, og vert av mange sett på som ein av de beste spelarane gjennom tidene. Han var med på å sikre Frankrike gull både i VM 1998 og EM 2000.
Zinedine Zidane var den første som brukte «zidane-finta», og vert rekna som skaparen av henne.
Med Real Madrid har han vunne Champions League i sesongen 2001/2002 og det spanske meisterskapet i 2002/2003.
Han har tidlegare spelt for den italienske klubben Juventus der han var med på vinne Serie A i 1996/1997. Før han kom til Juventus, spelte han for dei franske klubbene AS Cannes og Bordeaux.
Tre gonger har han vorte kåra til den beste fotballspelaren i verda (1998, 2000 og 2003). Han har fått utmerkinga som den nest beste spelaren nokon sinne i Europa (etter Johan Cruijff).
Zidane er muslim med algeriske røter. I tillegg til å utmerke seg som fotballspelar, har Zidane òg vist sterkt sosialt engasjement. Ein gong i året spelar han ein kamp der dei beste spelarane i verda deltar og inntektene går til fattige barn i Afrika.
Zidane fortalte 17. januar 2006 at han hadde bestemt seg for å legge opp etter fotball-VM i Tyskland, eitt år før kontrakten hans går ut.
Fotball-VM i 2006 Zidane scora 3-1-målet for Frankrike mot Spania på overtid i åttandedelsfinalen i VM 2006 i Tyskland.
Frankrike kom til finalen mot Italia. Dette var ein særs jamn kamp som vart avgjort med straffespark. I andre ekstraomgang vart Zinedine Zidane utvist for å ha skalla ned motstandaren Marco Materazzi. Årsaka til skallinga skal ha vore at Materazzi snakka stygt om familien til Zidane fleire gonger. Dette er vorte stadfesta av begge under intervju.Vg.no - Dette sa Materazzi til Zidane 18.08.07 Tass i dette kåra FIFA han til den beste spelaren i VM 2006.
Zidane fekk tre kampar karantene og 40 000 kr i bot. Sidan Zidane hadde lagt opp, foreslo franskmannen å gjere tre dagars arbeid for FIFA sine aktivitetar for barn og unge.
Bakgrunnsstoff Bloggen til Zidane Zidane.com Offisiell video i samband med Gullballen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zinedine Zidane» frå , den 3. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Cannes-spelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Folk frå Marseille