Ole Rabliås () var ein norsk høgskulelærar og folkemusikksamlar frå Hemnes, busett på Nesna.

Ole Rabliås var lærar fleire stader i Nord-Noreg, sist på Høgskolen i Nesna som høgskolelektor, til han vart pensjonert i 1991. Gjennom reiser på Helgeland har han samla inn over 600 folketonar. Han har òg spelt inn melodiar gjennom gruppa «Bygdelåten». For dette arbeidet fekk han Nesna kommunes kulturpris i 1993, Nordland fylkes kulturpris i 2003 og Kongens fortenestmedalje i sølv i 2004.

Ole Rabliås har skrive boka Folkemusikk på Helgeland (Nesna lærerhøgskoles skriftserie, nr 5). Han har skrive ei rad lokalhistoriske artiklar i Årbok for Helgeland.

Kjelder: Ove Larsen i Årbok for Helgeland 2007

Kategori:Norsk folkemusikk Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Folk frå Hemnes