Kristin Lund () er ein norsk tidlegare generalmajor. Ho var generalinspektør for Heimevernet (2009–2013) og styrkesjef for SN-styrken UNFICYP på Kypros (2014–2016). I 2017 blei ho utnemnd til sjef for United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) i Midtausten.

Lund var den andre kvinna i Noreg som blei utnemnd til offiser på admirals-/generalsnivå, og var også den fyrste kvinnelege styrkesjefen i ein av dei fredsbevarande styrkane til SN.

Utdanning Kristin Lund gjekk Befalsskolen for Hærens transportkorps og intendantur i 1980 og Krigsskolen i 1983. Ho har også Forsvarets stabsskole, Forsvarets høyskole, og har i tillegg US Army War College.

Teneste Lund hadde omfattande og variert teneste, både innanlands og utanlands. Ho var mellom anna brigader, nestkommandarande for Hærens styrker og sjef Østerdal Garnison.

I 2009 blei ho utnemnd til generalmajor og beordra som generalinspektør for Heimevernet.Offisielt frå statsrådet 18. september 2009, regjeringen.no. Lund var den fyrste kvinne i Noreg som blei utnemnd til offiser på generalnivå i Hæren.Hærens første kvinnelige general, Nettavisen, 18. september 2009. Lund var generalinspektør for Heimevernet frå 2009 til 2013.«Heimevernet har fått ny sjef» , forsvaret.no, 14. november 2013. I 2013 blei Lund utnemnd til veteraninspektør i Forsvaret.«Her er den nye veteraninspektøren» , forsvaret.no, 19. august 2013.

I mai 2014 blei Lund utnemnd til styrkesjef for SN-styrken UNFICYP, den fyrste kvinna i ei slik stilling.«Norwegian General becomes first woman commander to head UN peacekeeping force», UN News Centre, 12. mai 2014.«Skal lede Kypros-operasjon» , Forsvaret.no, 12. mai 2014.Tone Magni Vestheim: Portrettintervju med Kristin Lund - Dagsavisen 9. august 2014 Ho overtok den militære kommandoen 11. august 2014.«First UN female force commander takes reigns in Cyprus», UN News Centre, 11. august 2014. Perioden som styrkesjef gjekk ut 29. juli 2016. Lund blei etterfølgd av generalmajor Mohammad Humayun Kabir frå Bangladesh.

I perioden mellom 2017 og 2019 var ho sjef for United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) i Midtausten.«Kristin Lund skriver FN-historie igjen», Aftenposten, 6. oktober 2017. Lest 6. oktober 2017. Ho etterfølgde generalmajor Arthur David Gawn frå New Zealand.

Prisar og utmerkingarr Lund er tildelt ei rekkje norske og utenlandske utmerkingar.«Kristin Lund ble ny GIHV» , Befalets fellesorganisasjon, 18. september 2009, vitja 23. november 2009.Einar Holst Clausen: «Verdig seremoni for ny GIHV» , Befalets fellesorganisasjon, 6. oktober 2009.«Skal lede Kypros-operasjon» , forsvaret.no, 12. mai 2014. I 2019 blei ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for sin fremragende innsats for likestilling».

Ho er tildelt Forsvarets heiderskross,«Forsvarets hederskors til Kristin Lund » , forsvaret.no, 26. september 2016. Forsvarsmedaljen med laurbærgren, Forsvarsmedaljen med to stjerner, Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner med laurbærgrein,«Kristin Lund», un.org, vitja 17. oktober 2019. Forsvarets innsatsmedalje for Saudi-Arabia med rosett, Forsvarets operasjonsmedalje for Afghanistan og Hærens vernedyktighetsmedalje med tre stjerner.

I 2015 blei Lund heidra som offiser av den franske Æreslegionen.«Fransk utmerkelse» , F nr. 1 (2016) s. 78.

Ho har også mottatt SN sin UNTSO-medalje,«Kristin Lund utnevnt til St. Olavs Orden», fofo.no, 16. oktober 2019 UNFICYP-medalje,«Optimistisk om uløst konflikt» , forsvaret.no, 1. august 2016 UNIFIL-medalje, UNPROFOR-medalje med total, NATO sin SFOR-medalje og ISAF-medalje, den britiske Golfmedaljen med rosett, det danske Hjemmeværnets fortjensttegn, den svenske Hemvärnets kungliga förtjänstmedalj, den kuwaitiske Frigjeringsmedaljen av 3. klasse, den georgiske Kakutsa Cholokashvili-medaljen, og den saudiarabiske Medaljen for frigjering av Kuwait. Ho har også Det frivillige Skyttervesens hederstegn, Fredsprismedaljen og KNBLO-medaljen med 7-tal.

I 2004 blei Lund riddar av Tempelherreorden.«Priorat Norges Konvent»Tempelherreorden , fosna-folket.no

I februar 2015 blei ho innlemma i U.S. Army War College International Fellows Hall of Fame.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristin Lund» frå , den 13. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff Pressemelding: «Historisk utnevning i Forsvaret», regjeringen.no

Kategori:Norske generalar Kategori:Heimevernet