Øvsttun kirkegård er ein kyrkjegard på Øvsttun i Fana i Bergen kommune.
Kyrkjegarden vart anlagt i 1921, men vart utvida i 1953, 1973 (etter prestebustaden på Dynevoll vart rive), 1980 og 1990-1991 og dekkjer i dag eit område på 31 000 kvadratmeter. Han er dermed den femte største kyrkjegarden i Bergen.
Kyrkjegarden har eit eige gravkapell. Dette vart bygd i 1929, teikna av Erling Ross. Kapellet er ei langkyrkje med smalare og lågare apsisutbygg mot aust og lågare sidefløyer mot sør og nord. Eit lite klokketårn er bygd i den austlege gavlen.
mini|Øvsttun gravkapell|venstre
Alteret er smykka med eit bronsekrusifiks av Ambrosia Tønnesen. Kapellet har eit orgel på 10 stemmer levert av Vestlandske Orgelverkstad.
Kjelder
Kategori:Kyrkjer i Fana