20/20 er eit album av The Beach Boys frå 1969 og det siste albumet deira på Capitol Records dei neste sytten åra. Albumet var ei blanding av nylege singlar, nye studioinnspelingar og to songar frå det skrinlagde prosjektet Smile.
Historie
Tittelen 20/20 kom frå at albumet var det tjuande albumet deira (om ein tar med fire samleplater).
Brian Wilson hadde fått stadig større kjenslemessige problem og var avhengig av kokain, og starta å trekke seg tilbake frå innspelingane til bandet. Dette gjorde at andre i bandet måtte ta større kreativt ansvar. Det einaste «nye» bidraget til Wilson på albumet var den rolege valsen «I Went to Sleep». Songen «Do It Again» av Wilson og Mike Love hadde vore ein hit sommaren 1968 og vart teken med på albumet.
Dei yngre brørne til Wilson, Dennis Wilson og Carl Wilson starta å ta over kontrollen i studio. Carl produserte ei utgåva av Phil Spector sin «I Can Hear Music» som gav The Beach Boys den siste originale Topp 40-plasseringa deira i USA dei neste sju åra. Dennis hadde skrive to songar for det førre albumet, Friends, og skreiv fleire songar for 20/20.
Før innspelinga av albumet kom i gang vart Dennis ven med musikaren Charles Manson og valde å hjelpe han inn i musikkindustrien ved å spele inn songen hans «Cease to Exist» for the Beach Boys, med den nye tittelen «Never Learn Not to Love». Manson bad Wilson om å ikkje endre teksten, men at han elles kunne gjere kva han ville. Den grunnleggagande melodien var stort sett uendra. Då «Never Learn Not to Love» vart gjeven ut av The Beach Boys som B-side seint i 1968 og berre tilskriven Dennis Wilson med endra tekst og eit nytt mellomspel, truga Manson Wilson med å drepe han.
Bruce Johnston hadde i årevis støtta dei andre i bandet på scenen og i studio og fekk no endeleg sin eigen song på 20/20, den svulstige instrumentalen «The Nearest Faraway Place». . Kanskje med tanke på «Sloop John B» foreslo Al Jardine for Brian at dei skulle gjere ein ny folkesong, «Cotton Fields». Wilson produserte innspelinga, men Jardine følte at Wilson heldt igjen og spelte etter kvart songen inn på ny seks månader etter Brian-utgåva kom ut på 20/20. Jardine viste seg å vere inne på noko, og den nye utgåva vart gjeven ut på singel. Han vart ein flopp i USA, men gjorde det stort bra i utlandet våren 1970.
To eldre songar av Brian Wilson, frå det skrinlagde Smile-prosjektet, «Cabinessence» og «Our Prayer», vart òg med på albumet.
Albumet kom ut i februar 1969 og selde betre enn Friends. Det nådde berre 68. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Storbritannia.
20/20 finst i dag på CD i lag med Friends, saman med bonusspor frå perioden.
Innhald
Salslister Album ÅrListePlassering 1969 Nederland20Dutch Charts - THE BEACH BOYS - 20/20 1969 Tyskland23 1969 UK Top 40 Album Chart3 1969 US Billboard 200 Albums Chart68
Britiske singlar ÅrSingelListePlassering 1968 «Do it Again» UK Top 40 Single Chart1 1968 «Bluebirds Over the Mountain» UK Top 40 Single Chart33 1969 «I Can Hear Music» UK Top 40 Single Chart10
Amerikanske singlar ÅrSingelListePlassering 1968 «Do it Again» US Billboard Hot 100 Singles Chart20 1968 «Bluebirds Over the Mountain» US Billboard Hot 100 Singles Chart61 1969 «I Can Hear Music» US Billboard Hot 100 Singles Chart24
Salsister frå Allmusic og andre musikkdatabasar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «20/20 (The Beach Boys album)» frå , den 11. september 2009. oppgav desse kjeldene: Friends/20/20 CD-hefte, David Leaf, c.1990. "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994. "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991. "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002. "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002. Allmusic.com
Bakgrunnsstoff Tekstane til 20/20
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album spelte inn i Gold Star Studios