mini|Ny-Paradis Ny-Paradis er ein veg på Paradis i Fana bydel i Bergen kommune. Han går sørover i ei sløyfe frå Statsminister Michelsens veg mot den smale bukta som vert kalla Dødehavet i Nordåsvatnet, før han snur nordover. Vegen er om lag 1 km lang.
Namnet vart vedteke i 1947. I 1983 vart Krohns veg ein parsell av Ny-Paradis. Krohns veg var ein tidlegare blindveg som gjekk sørvestover frå Statsminister Michelsens veg mot Ny-Paradis. Dette vegnamnet vart òg vedteke i 1947.
Området som Ny-Paradis går gjennom høyrer til garden Gamlehaugen.
Knutepunkt Fv189 Statsminister Michelsens veg Sideveg nordover (50 m) Vegen delar seg i ei sløyve Skolestien til Statsminister Michelsens veg Sideveg vestover (100 m) til andre sida av sløyfa i Ny-Paradis. Sideveg sørvestover (160 m) Sideveg vestover (200 m) Sideveg vestover (80 m) Avkjørsel Allébakken Slutt på sløyfa.
Kjelder
Nasjonal vegdatabank Bergenskart
Kategori:Vegar i Fana