mini|Wernersholmvegen. Det kvite huset er den tidlegare Døscher-skolen Døscher-skolen var ein privat barneskule i Bergen som vart starta og drive av Henriette (Henny) Døscher frå 1903 til 1950.

Skulen hadde i starten to klassar med 35 elevar og elevane var i fem år. Seinare var det tre klassar og frå og med fjerde klasse vart dei flytta til Storetvedt skole (i dag Paradis skole) eller Midttun skole.

Kjelder

Kategori:Tidlegare skular i Bergen Kategori:Skular i Fana Kategori:Skipingar i 1903 Kategori:Nedleggingar i 1950