Nesttun idrettsplass er eit idrettsanlegg på Nesttun i Fana i Bergen kommune. Han består av ein kunstgrasbane og ein grusbane.
Anlegget er heimebanen til Fana idrettslag, som har herrelag i 2. divisjon. Tilskodarrekorden er på 700 frå NM 3. runde mellom Fana og SK Brann den 28. juni 2002.Groundhopping - Nesttun Idrettsplass
Tidlegare låg Traverbanen på Nesttun her. Han vart nytta av Bergen og Omegns Travselskap frå 1926 til 1985, då Bergen Travpark vart teken i bruk. Området vart regulert for parkutbygging og idrettsføremål i 1993.
Kjelder
Kategori:Idrettsanlegg i Bergen Kategori:Byggverk i Fana