Substantivbøyinga i grenlandsmålet liknar sterkt på substantivbøyinga i nynorsk. Substantiva blir bøygde etter fleire ulike mønster, og genuset avgjer kva mønster som er vanlegast. Hankjønn Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, M1, M2 og M3; M1 er det mest produktive: M1: ¹boːt – ¹boːten – ²boːtær – ²boːtane 'båt' ²moːte – ²moːten – ²moːtær – ²moːtane 'måte' ²læːrær – ²læːræɳ – ²læːrerær – ²læːrerane 'lærar' ¹vinter – ¹vinteɳ – ¹vintrær – ¹vintrane 'vinter' M2: ¹jest – ¹jesten – ¹jester – ²jestene 'gjest' ²kʉnde – ²kʉnden – ²kʉnder – ²kʉndene 'kunde'. M3: ¹fuːt – ¹fuːten – ¹føtær – ¹føtane 'fot' ²bune – ²bunen – ¹bønær – ¹bønane 'bonde'
Hokjønn Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, F1, F2 og F3; F1 er det mest produktive: F1: ¹skoːɽ – ¹skoːɽa – ²skoːɽer – ²skoːɽene 'skål' ²jente – ²jenta – ²jenter – ²jentene 'jente' F2: ¹ræim – ¹ræima – ²ræimær – ²ræimane 'reim' ²çæriŋ – ²çæriŋa – ²çæriŋær – ²çæriŋane 'kjerring' F3: ¹tan – ¹tana – ¹tenær – ¹tenane 'tann' ¹gɽuː – ¹gɽuːa – ¹gɽøːær – ¹gɽøːane 'glo' Inkjekjønn Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter to hovudmønster, N1, N2; N1 er det mest produktive ved sterke substantiv og N2 det einaste mønsteret ved linne substantiv: N1: ¹fjel – ¹fjele – ¹fjel – ¹fjela 'fjell' N2: ¹hʉːs – ¹hʉːse – ²hʉːser – ²hʉːsene 'hus' ²epɽe – ²epɽe – ²epɽer – ²epɽene 'eple' I eldre grenlandsmål hadde ein inkjekjønnsord med vokalveksling (Dalene 1953): N1x: ¹boːn – ¹boːne – ¹buːn – ¹buːna 'barn'
Bibliografi Dalene, Halvor 1953. Lydverket i solumsmålet. (Skrifter frå Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud.) Oslo.
Kategori:Grenlandsmålet