mini|400px|Grenland er her definert som kommunane Bamble (1), Porsgrunn (11), Skien (15) og Siljan (14) mini|Det sentrale grenlandsområdet. mini|Eit døme på ein person som snakkar grenlandsmål: Språkforskaren Rolf Theil, fotografert på Kheopspyramiden 5. mars 2010. Grenlandsmålet er det tradisjonelle norske talemålet i det litt upresist definerte området Grenland. Tradisjonelt norsk talemål skal her forståast som talemål med røter i norrønt, i motsetnad til talemål med røter i bokmål/riksmål/dansk. Grenland skal her forståast i trongaste tyding, som kommunane Bamble, Porsgrunn, Skien og Siljan. Grenlandsmålet blir oftast rekna som ei undergruppe av dei vikværske dialektane, som er søraustlandske. Grenlandsmålet står likevel på grensa mellom austnorske og vestnorske dialektar.
Grenlandsmålet i høve til vikværsk og andre norske dialektar mini|left|Dei fire hovudgruppene av norske dialektar. Grenlandsmålet ligg på lengst sørvest i austnorsk, på grensa mot vestnorsk.
Dei fleste variantante av grenlandsmålet skil seg frå andre vikværske dialektar – unnateke målet i Larvik og Søre Østfold – ved å mangle kløyvd infinitiv. Det heiter med andre ord både ²kaste 'kaste' og ²kome 'kome', mot ²kaste 'kaste' og ²koma 'kome' i dei fleste andre vikværske dialektane. Dette tilhøvet gjer at reknar grenlandsmålet til sørlege e-mål, ei undergruppe av vestnorsk. Frå gamalt har likevel skiljet mellom dialektar med og utan kløyvd infinitiv gått tvers gjennom Grenland. fortel at bygdedialektane mellom Porsgrunn og Skien hadde kløyvd infinitiv på slutten av 1800-talet. Midt på 1900-talet måtte ein to-tre kilometer nordanfor Skien sentrum for å finne kløyvd infinitiv. Sidan det i dag heiter både ²kaste 'kaste' og ²kome 'kome' over alt, har grenlandsmålet på dette punktet nettopp nærma seg dei sørlege e-måla.
I dag står grenlandsmålet på «trygg» søraustlandsk grunn når det gjeld bruken av såkalla «tjukk l», det vil seie ɽ (retrofleks eller apikal flapp), men også på dette punktet har grensa tidlegare gått gjennom Grenland. Bymålet i både Brevik og Langesund mangla tidlegare «tjukk l», slik bymålet i Kragerø framleis gjer. På dette punktet har grenlandsmålet blitt meir austlandsk. Frå ein språkhaldningssynsstad er det verdt å leggje merke til at det var mangelen på «tjukk l» som blei sett på som «rart» og avstikkande. Folk frå Porsgrunn gjorde narr av breviksfolk som sa ¹ɡolv 'golv' i staden for ¹goɽv.
Grenlandsmålet har fleire vestnorske drag, til dømes at framandord ikkje har konsekvent aksent på fyrste stavinga, som i tradisjonelt austnorsk. På grenlandsk, som vidare vestover, heiter det mʉ¹sik 'musikk' og diːa¹lekt 'dialekt', mens det i Vestfold og elles på Austlandet tradisjonelt heiter ²mʉsik 'musikk' og ²diːaˌlekt 'dialekt'.
Språkleg variasjon i Grenland Som i andre delar av den industrialiserte verda varierer talespråket i Grenland både sosialt og geografisk. I tillegg endrar dialekten seg gjennom tid, som alle andre språk eller dialektar. Dette omtalar vi som historisk variasjon.
Sosial variasjon Den sosiale variasjonen i talespråket i Grenland er av same type som elles på Søraustlandet. Med andre ord står det tradisjonelle grenlandsmålet sterkast mellom småbønder og i arbeidarklassen, medan det i middelklassen og overklassen er vanleg å snakke bokmål/riksmål med ulike gradar av grenlandske innslag i fonologien.
Geografisk variasjon Grenlandsmålet varierer i overraskande liten grad i bystroka frå Skien via Porsgrunn, Brevik og Stathelle til Langesund, og det er vanskeleg eller umogeleg å «heimfeste» folk innanfor dette området på grunnlag av talemålet deira. Dette sentrale bymålet breier seg til heile Grenland, også til område som inntil for få tiår sidan hadde eit meir konservativt grenlandsmål, som geografisk «perifere» delar av dei gamle kommunane Eidanger, Gjerpen, Solum og Siljan.
Historisk variasjon
Grenlandsmålet – som andre språk – endrar seg gjennom tid, og det er klåre generasjonsskilnader. Her skal vi berre nemne nokre døme.
Ordtilfang Hovudtendensen i utviklinga av ordtilfanget er at det blir stadig meir påverka av bokmålet. Tidlegare hadde det mykje fleire sams drag med nynorsken enn i dag. oppgjev mange ord som ein i dag sjeldan høyrer i Grenland. Her er nokre døme; fyrst står formene hos Reynolds (1952), deretter dei formene som er dominerande i dag:
¹bork m → ¹bark m 'bork' ¹bʉː v → ¹buː v 'bu' ²helsiŋ f → ²hilsen m 'helsing' ²læʉe v → ²baːde v 'lauge, bade' ²okɽe f → ²aŋkel m 'okle'
Bøyingsmorfologi Fram til mellomkrigstida hadde grenlandsmålet fleire klassar av sterke verb der perfektum partisipp hadde ein annan stammevokal enn infinitiv og presens. Eit slikt system kunne enno høyrast i utkantane mellom folk som var fødde sist på 1940-talet. I dag er dette truleg heilt borte. Her er nokre døme, med gamle og nye former føre og etter pila (→):
²fine – ¹finer – ¹fant – ²funi → ²fini 'finne' ²dete – ¹deter – ¹dat – ²duti → ²deti 'dette' ²bæːre – ¹bæːrer – ¹baːr → ²bæːʈe – ²buːri → ¹bæːʈ 'bere'
Går vi attende til slutten av 1800-talet, fanst det endå fleire døme:
¹draː – ¹draːr – ¹druː – ²driːi → ²draːet → ¹drad/¹drat 'dra' ¹stoː – ¹stoːr – ¹stuː – ²stiːi → ²stoːet → ¹stot 'stå'
Formene ²draːet 'drege, dratt' og ²stoːet 'stade, stått' var i bruk ein kort periode tidleg på 1900-talet, fortel Dalene (1947).
Fonologi Lydendringa frå eldre sj til yngre ʃ var ikkje avslutta før kring 2. verdskrigen. Folk som blel fødde i mellomkrigstida, seier ʃj, td ¹ʃjøː m 'sjø'. Gruppa ʃj overlevde mykje lenger i einstaka ord, som pa¹ʃjeːnt m 'pasient'.
Litteratur om grenlandsmålet Den mest omfattande skildringa av grenlandsmålet under eitt er . Også og er meinte å dekkje heile området. Ein del generelt om grenlandsmålet finst òg i . Tilhøvet mellom grenlandsmålet og vikværsk generelt er skildra i . er ei sosiolingvistisk undersøking av grenlandsmålet. I tillegg finst det skildringar av ulike variantar av grenlandsmålet: Bymålet i gamle Porsgrunn kommune er skildra i og . Bymålet i gamle Skien kommune er skildra i . Bygdemålet i gamle Solum kommune er skildra i . Ein del ord og vendingar i vestfold- og grenlandsmål er skildra i . Haldningar til porsgrunnsmålet er undersøkte i .
Historiske merknader Hovudartikkel: Historia til grenlandsmålet.
Språkendringane som er omtala nedanfor, er eksemplifiserte i artikkelen Historia til grenlandsmålet.
Mange særskjenne ved grenlandsmålet kjem fram når ein ser korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u har utvikla seg: Norrøn i og u har falle saman i e. Norrøn a har blitt til e, æ og a: e når norrøn a stod i slutten av eit ord. æ føre ståande r a når norrøn a hadde ein konsonant etter seg.
Konsonantbortfallet i trykkveike stavingar er òg regelrett: Norrøn t og ð har falle bort i trykkveik staving. Norrøn n har falle bort i trykkveik staving, men har nasalert føregåande vokal, som seinare har blitt til a. Merk at dei doble konsonantane tt og nn ikkje fell, men blir til t og n.
Etter vokal representerte norrøn f, ð og g dei stemde frikativane [v], [ð] og [ɣ]. I grenlandsmålet har desse tre konsonantane utvikla seg slik: [v] har falle bort mellom norrøn ú og ein annan vokal og etter norrøn au, men har elles blitt ståande som v. [ð] har alltid falle bort, truleg bortsett frå fremst i enklitiske pronomen, der han har blitt til r. [ɣ] har blitt borte eller til sisteleden i diftongane æʉ, æi og øy.
Når dei stemde frikativane var fylgde av ein nasal, har dei utvikla seg på eit anna vis: Norrøn fn [vn] > grenlandsk mn. Norrøn gn [ɣn] > grenlandsk ŋn.
Fonologi Hovudartikkel: Fonologien til grenlandsmålet. Vokalar Grenlandsmålet har – som dei fleste variantane av norsk – 9 kort og 9 lange monoftongar og 7 diftongar. Det er eit særkjenne ved grenlandsmålet at det er klåre kvalitetsskilnader mellom dei fleste korte og lange vokalane. Klårast er dette ved dei trong-midtre vokalane /e eː/, /ø øː/ og /o oː/ og dei opne vokalane /a aː/. Dette inneber at dei lange vokalane /eː/, /øː/, /oː/ og /aː/ ikkje fell i hop med dei tilsvarande korte når dei blir forkorta i trykksvak stilling. Dei seks diftongane blir . Diftongane har ein del fellestrekk, t.d. er alle stigande, bortsett frå dei to siste, som er avvikande ved å ha to tronge vokalar. Diftongen /æʉ/ blir uttala [æʉ] eller [æʋ].
Konsonantar Grenlandsmålet har eit typisk søraustlandsk konsonantsystem med 22 fonem. Bymåla i Brevik og Langesund mangla tidlegare (inntil fyrste helvta av 1900-talet) fonemet ɽ, og ein nytta l eller i staden, til dømes ²nyːˌmaːla ²golver 'nymåla golv (pl.)', mot ²nyːˌmaːɽa ²goɽver andre stader. Bymålet i Kragerø manglar framleis ɽ, i motsetnad til dei tilgrensande bygdemåla.
Trykk, aksent og tonem Trykk, aksent og tonem i grenlandske ord har desse relasjonane til kvarandre: Ordet har trykkveike og trykksterke stavingar. Trykksterke stavingar er uaksentuerte eller aksentuerte. Aksentuerte stavingar har tonem 1 eller tonem 2. Som nemnt i innleiinga, har grenlandsmålet fleire vestnorske drag, til dømes at framandord ikkje har konsekvent aksent på fyrste stavinga, som i tradisjonelt austnorsk. På grenlandsk, som vidare vestover, heiter det mʉ¹sik 'musikk' og diːa¹lekt 'dialekt', mens det i Vestfold og elles på Austlandet tradisjonelt heiter ²mʉsik 'musikk' og ²diːaˌlekt 'dialekt'. Dette tyder likevel ikkje at aksenten alltid ligg på same staden som i såkalla "standarduttale" av nynorsk og bokmål. Det finst mellom anna ord som ¹kɽuːak 'kloakk', pu¹daːɡra 'podagra' og mu¹tuːr 'motor', som i "standarduttale" heiter kluː¹ak 'kloakk', ¹puːdaɡra 'podagra' og ¹mu(ː)tur 'motor'. Hos eldre folk kan ein òg høyre uttalemåtar som puli¹tiker 'politikar', der "standarduttalen" er pu¹liːtikar (nynorsk) / pu¹liːtiker (bokmål).
Bøyingsmorfologi Substantiv Hovudartikkel: Substantivbøying i grenlandsmålet.
Substantiva blir bøygde etter fleire ulike mønster, og genuset avgjer kva mønster som er vanlegast. Hankjønn Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, M1, M2 og M3; M1 er det mest produktive: M1: ¹boːt – ¹boːten – ²boːtær – ²boːtane 'båt' M2: ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest' M3: ¹fuːt – ¹fuːten – ¹føtær – ¹føtane 'fot'
Hokjønn Substantiv i genuset hokjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, F1, F2 og F3; F1 er det mest produktive: F1: ¹skoːɽ – ¹skoːɽa – ²skoːɽer – ²skoːɽene 'skål' F2: ¹ræim – ¹ræima – ²ræimær – ²ræimane 'reim' F3: ¹tan – ¹tana – ¹tenær – ¹tenane 'tann' Inkjekjønn Substantiv i genuset inkjekjønn blir bøygde etter to hovudmønster, N1, N2; N1 er det mest produktive ved sterke substantiv og N2 det mest produktive ved linne substantiv: N1: ¹fjel – ¹fjele – ¹fjel – ¹fjela 'fjell' N2: ²epɽe – ²epɽe – ²epɽer – ²epɽene 'eple'
Adjektiv Hovudartikkel: Adjektivbøying i grenlandsmålet.
Her vil berre gradbøying bli nemnd, og det er to hovudmønster, A1 og A2, der berre det fyrste er produktivt: A1: ¹bræi – ²bræiære – ²bræiast 'brei' A2: ¹uŋ – ¹yŋre – ¹yŋst 'ung'
Personlege pronomen Hovudartikkel: Pronomen i grenlandsmålet.
Som andre søraustlandske dialektar har grenlandsmålet nominativformer i 1sg. som tek til med j: ¹jæi ~ ¹jæː 'eg'. I 1pl. tek både nominativ- og oblikforma til med v: ¹viː - ¹voʃ 'vi - oss'. I 2pl. er nominativ- og oblikformene ulike hos eldre talarar: ¹diː 'de' - ²deːre 'dykk', men dette systemet er på veg ut, og dei fleste nyttar berre ²deːre 'de, dykk'. I 3sg. og 3pl. finst eit komplisert system, mellom anna med eit viktig skilje mellom uavhengige og enklitiske former, som er skildra i artikkelen Pronomen i grenlandsmålet. Trykksterke og trykkveike former er ofte svært ulike, som i 1sg. oblik ¹mæi - ma 'meg' og 2sg. oblik ¹dæi - da 'deg'. Dei trykkveike formene med a (ma, da og sa) finst truleg berre i grenlandsmålet; andre søraustlandske dialektar har former med æ (mæ, dæ og sæ).
Verb Hovudartikkel: Verbbøying i grenlandsmålet.