«Barndomsminne (Frå Nordland)», med førstelina «Aa eg veit meg eit Land», er ein song skriven av Elias Blix. Diktet vart fyrste gongen publisert usignert i avisa Den 17de Mai 13. august 1896 og publisert i bokform for første gong i Elias Blix si Salmar og Songar i 1900.
Originalversjonen har åtte vers. Han er sidan trykt i mange songbøker, mellom anna i Mads Bergs Skulesongbok. Der er tonen ein norsk folketone som høver med versemålet slik songen opphavleg er skriven. Meir kjend er tonen som vart skriven av Adolf Thomsen i 1901, med dei kjende repetisjonane i omkvedet. Med denne tonen vert første verset av songen som er kalla «Nord-Noregs nasjonalsong» sungen før alle heimekampane til Fotballklubben Bodø/Glimt.Avisa Nordland om Bodø/Glimt
Bakgrunnsstoff Teksten
Kjelder Anders Aschim - Blixblog Fotnotar
Kategori:Norske songar Kategori:Elias Blix