Papegøyefamilien (Psittacidae) er ein av fire familiar i ordenen papegøyefuglar (Psittaciformes). Familien inkluderer totalt ca. 36 slekter og ca. 180 artar, mange av dei nemnde «parakittar» på norsk. Gruppa inkluderer alle papegøyar i Sør- og Mellom-Amerika, så vel som to jakoar i Afrika og dei 10 afrikanske papegøyane i slekta Poicephalus. Fram til rundt 2014 var også alle andre afrikanske papegøyar og papegøyane i Asia og Australia klassifiserte i denne familien. Basert på genetiske data vart papegøyane frå «den gamle verda» skilt ut frå Psittacidae og utgjer per 2023 ein eigen familie Psittaculidae, parakittfamilien.
Skildring Som andre papegøyar har dei eit sterkt, bua nebb, som ikkje berre blir brukt til å ete, men også som klatrehjelp, zygodaktyle føtter, og dei viser ofte ein slåande fargerik fjørdrakt, med grøne nyansar som dominerer hos mange artar. Dei varierer veldig i storleik, med hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus) på ca. 100 cm som den største arten og sporvepapegøyane (Forpus), ca. 12-13 cm er dei minste. Som alle papegøyar har dei eit komplekst sosialt system. Vokaliseringa deira er høg, ikkje-melodisk og skrikjande.
240px|mini|høgre|Mange søramerikanske papegøyar et leirhaldig jord, som hjelper til med å nøytralisere giftstoff frå frukt og frø. Her er ein «leir-slikk» i Tambopata naturreservat i Madr de Dios, Peru. Her er blågularaer, raudaraer, brunpannearaer og ein mjølamazon Desse fuglane lever generelt i skog, på savannar eller andre grassletter med meir eller mindre tett trebestand, dei fleste i tropane og subtropane, nokre få også i tempererte klimasoner. Dei fleste vanlege papegøyar lever av frø og frukt. Dei held den ofte harde maten fast med ein fot og opnar han med det sterke, bua nebbet.
Reproduksjon Medlemane i papegøyefamilien er monogame og begge foreldra tar omsut for ungane. Nesten alle i denne familien hekkar i ein eller annan type holrom, mest vanleg i eit holt tre. Viss ikkje eit tre er tilgjengeleg, kan reiret også byggjast i eit hol i bakken eller i eit holrom i ein termitthaug. Det einaste unntaket er munkeparakitt (Myiopsitta monachus), som byggjer store reir av små greiner og kvistar i tre. Eksisterande trehol blir ofte gjenbrukte, men dei fleste artar grev sjølv ut hola ved å fjerne rotnande treverk frå trestammar. Kulla består av eitt til maksimalt elleve egg, som blir ruga i 14 til 28 dagar. Ruginga startar straks det første egget er lagt, noko som betyr at det går ei viss tid mellom klekkinga av kvar unge og at dei dermed varierer i storleik. Kullstorleiken avheng av storleiken på hoa og stabiliteten til miljøet. Vanlegvis er det berre hoa som rugar, og hannen kjem med mat til henne i løpet av denne perioden. Hoa held fram med å varme ungane etter klekking og matast av hannen til dei første dunfjørene har vakse ut. Etter det vil begge foreldra mate ungane. Etter at ungfuglane er flygeferdige, er ungane til sporvepapegøyane (Forpus) omgåande fullstendig sjølvstendige, medan mange unge araer kan bli mata av foreldra i opptil eit år etter at dei har floge ut av reiret.
Taksonomi
Artsliste Slekter i papegøyefamilien etter IOC World Bird List V13.1, 2023. Artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler. Underfamilie Psittacinae, Afrika Slekt Psittacus, 2 artar Slekt Poicephalus, 10 artar Underfamilie Arinae, «den nye verda» Slekt Touit, 8 artar Slekt Psilopsiagon, 2 artar Slekt Bolborhynchus, 3 artar Slekt Nannopsittaca, 2 artar Slekt Myiopsitta, 2 artar Slekt Brotogeris, 8 artar Slekt Pionopsitta, brunøyrepapegøye, Pionopsitta pileata Slekt Triclaria, blåbukpapegøye, Triclaria malachitacea Slekt Pyrilia, 7 artar Slekt Hapalopsittaca, 4 artar Slekt Pionus, 8 artar Slekt Graydidascalus, korthalepapegøye, Graydidascalus brachyurus Slekt Alipiopsitta, solpapegøye, Alipiopsitta xanthops Slekt Amazona, 33 artar Slekt Forpus, 9 artar Slekt Pionites, 2 artar Slekt Deroptyus, kragepapegøye, Deroptyus accipitrinus Slekt Pyrrhura, 24 artar Slekt Enicognathus, 2 artar Slekt Cyanoliseus, graveparakitt, Cyanoliseus patagonus Slekt Anodorhynchus, 2 artar Slekt Rhynchopsitta, 2 artar Slekt Eupsittula, 5 artar Slekt Aratinga, 6 artar Slekt Cyanopsitta, brilleara, Cyanopsitta spixii Slekt Orthopsittaca, rustbukara, Orthopsittaca manilatus Slekt Primolius, 3 artar Slekt Ara, 8 artar Slekt Leptosittaca, gulduskparakitt, Leptosittaca branickii Slekt Ognorhynchus, guløyreparakitt, Ognorhynchus icterotis Slekt Guaruba, gullparakitt, Guaruba guarouba, Golden parakeet Slekt Diopsittaca, dvergara, Diopsittaca nobilis Slekt Thectocercus, blåhovudparakitt, Thectocercus acuticaudatus Slekt Psittacara, 12 artar
Blant 177 artar er 6 kritisk truga (CR), 16 sterkt truga (EN), 27 er sårbare (VU), 21 nær truga (NT) i tillegg til brilleara (Cyanopsitta spixii) som er utrydda i vill tilstand. Somme artar rekna som kritisk truga har ikkje vore observerte seinare åra.
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på «Eigentliche Papageien» frå , og dels på «Psittacidae» frå , den 12. desember 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:Parakittar