Svanhild Gunvor Mundheim () er ein norsk, tidlegare radiopersonlegdom frå Mundheim i Kvam kommune i Hardanger.
Mundheim vart utdanna lærar og tok til ved NRK Hordaland sitt kontor i Bergen rett etter andre verdskrigen i 1946. Etter ein periode ved BBC si norske avdeling i London åra 1949 - 50 starta ho radiovirket sitt. Til NRK Marienlyst kom ho i 1962 og vart der til ho gjekk av med pensjon i 1989. Mest kjend var ho som hallodame og programleiar for Ønskekonserten samt ein del kåseri. Mundheim sa ofte god natt i radioen.
Mundheim fekk Kringkastingsprisen i 1985 for framifrå bruk av nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Svanhild Mundheim» frå , den 16. august 2009. Liste over mottakarar av Kringkastingsprisen.
Mundheim, Svanhild Mundheim, Svanhild Mundheim, Svanhild