World of Goo er eit hjernetrimspel utvikla av 2D Boy for Wii, Nintendo Switch, Microsoft Windows, OS X og Linux. Spelet vart lansert på Microsoft Windows og Wii i 18. oktober 2008 i Nord-Amerika, med utgjevingar på MacOS, Linux og Nintendo Switch dei etterfølgande åra.
Spelemekanikkar
Spelet bygger på konseptet for å bygge store strukturar ve då bruke ballar av kliss. Spelet er delt inn i fem kapittel, som kvart inneheld fleire nivå. Kvart nivå har ein eigen grafisk og musikalsk stil. Eit ekstra rom i spelet, kalla World of Goo Corporation, lèt ein bygge ein så høgt tårn som mogeleg ved å bruke klissballane som spelaren har samla inn gjennom nivåa i spelet. Spelarar frå heile verda kan tevle om å bygge det høgaste tårnet, ettersom høgda på tårnet og talet på klissballar stadig blir lasta opp til sørvaren til 2D Boy.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside
Kategori:Dataspel frå 2008 Kategori:Hjernetrimspel Kategori:Linux-spel Kategori:Mac OS X-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Wii-spel Kategori:Windows-spel