er eit resarspel for Wii, utvikla av Nintendo EAD og publisert av Nintendo. Det er det sjette spelet i Mario Kart-serien (sett bort ifrå dei to arkadespela), og det andre Mario Kart-spelet som tek Nintendo Wi-Fi Connection i bruk. Spelet vart lansert globalt gjennom april 2008, men eit år seinare i Sør-Korea. Til kvart eksemplar av spelet fylgjer det med eit Wii Wheel, som ein kan plassera Wii-fjernkontrollen inni for meir intuitiv og ordinær styring.
Nytt frå føregangaren, Mario Kart DS, femner motorsyklar og støtte for opp til tolv kappkøyrarar på nett. I likskap med dei andre spela i Mario Kart-serien går spelet ut på at forskjellige figurar frå dei mange Mario-spela køyrer om kapp på banar med tema frå ulike område i Mario-serien. Støtte for Nintendo Wi-Fi Connection lèt ein køyre om kapp med andre spelarar frå heile verda, og nett-tevlingar og resultat er tilgjengelege om ein festar Mario Kart-kanalen til Wii-menyen.
Kategori:Dataspel frå 2008 Kategori:Mario Kart Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Wii-spel