Á (a-akutt, liten bokstav: á) er ein bokstav i nordsamisk, tsjekkisk, færøysk, ungarsk, islandsk og slovakisk. Denne bokstaven finst òg i irsk, oksitansk, portugisisk, spansk og vietnamesisk som eit avbrigde av bokstaven a.

I ymse mål Færøysk Á er den andre boksaven i det færøyske alfabetet og vert uttala eller . Den er dessutan, som i gamalnorsk og islandsk, styreordet på.

Islandsk Á er den andre bokstaven i det islandske alfabetet og vert uttala (som i «ow»). Som i færøysk og gamalnorsk er han ogso styreordet på.

Nordsamisk Á er den andre bokstaven i det nordsamiske alfabetet, og vert i Karasjok uttala ganske likt som norsk æ og i Kautokeino som lang a. Endå á vert nytta i nordsamisk, er han ikkje tillaten i namn i folkeregisteret.

Kinesisk I kinesisk pīnyīn er á yángping-tonen (阳平, «høg tone») av a.

Tsjekkisk, ungarsk og slovakisk Á er den andre bokstaven i ungarske, tsjekkiske og slovakiske alfabetet og vert uttala .

Vietnamesisk I det vietnamesiske alfabetet er á sắc-tonen (høg tone) av a.

Koding i skriftsystem TeiknsettUnicodeISO 8859-1, 2, 3, 4, 9, 10, 14, 15, 16Majuskel ÁU+00C1C1Minuskel áU+00E1E1

Sjå òg Akutt aksent A

Kjeldetilvisingar

Lenkjer Omniglot - skriftsystem og språk over heile verda Tsjekkisk Færøysk Ungarsk Islandsk Slovakisk

Kategori:Det latinske alfabetet