Slovenia, offisielt Republikken Slovenia, er eit land sør i Europa. Landet grensar til Italia i vest, Adriahavet i sørvest, Kroatia i sør og aust, Ungarn i nordaust og Austerrike i nord. Slovenia var del av Austerrike-Ungarn fram til 1918 då det vart ein del av Serbarane, Kroatane og Slovenarane sitt kongedømme, som i 1929 endra namn til Jugoslavia. Det vart sjølvstendig frå Jugoslavia i 1991. Det har vore medlem av Den europeiske unionen sidan 1. mai 2004.

Geografi

Topologi mini|venstre|Triglav er det høgste fjellet i Slovenia.

I Slovenia møtest fire store europeiske geografiske regionar: Alpane, Dei dinariske Alpane, den pannoniske sletta og Middelhavet. Landet er stort sett berglendt, med slettelandskap i aust og nordaust. Det høgste punktet er Triglav (2864 moh.). Namnet tyder ”tre hovud”, og ein finn fjellet på riksvåpenet, som eit nasjonalsymbol for Slovenia. Om lag halvparten av landet (10 124 km²) er skogdekt, Slovenia er dermed det tredje mest skogdekte landet i Europa etter Finland og Sverige. Restar av urskog finst framleis, dei største i Kočevje-området. Grassletter utgjer 5593 km², hagar og marker 2471 km², frukthagar 363 km² og vingardar 216 km². Slovenia er særskilt kjent for karst-landskapet sitt. Ordet karst vert brukt om landskapstypar som er danna i lett eroderte steinsortar, som kalkstein, som typisk har mange holer og grotter. Karst er det tyske namnet på regionen Kras i Slovenia, som har gitt namnet sitt til denne landskapstypen. Kystlina til Adriahavet er 47 km lang.

Klima Sjølv om Slovenia så vidt har grense mot Middelhavet, er klimaet i det meste av landet kontinentalt, som i Sentral-Europa. Karst-landskapet hindrar stort sett lufta frå Middelhavet i å strøyme inn i landet. Området har ein god del sol, men det kan regne ganske kraftig her om vinteren. Når den kontinentale lufta strøymer innover landet er det ofte i form av boravinden, som kan gje vindkast over 40 m/s. Dei høgareliggande områda i nord og vest har milde forhold om sommaren, men kan ha ganske så vinterlege forhold på vinterstid. Frå tidleg på sommaren byrjar nærleiken til Middelhavet å gjere seg gjeldande i form av kraftige torebyer. Frå september av er det derimot sjeldan med torevêr, men ein kan framleis få ei regnbye i ny og ne. Vintertemperaturane i austlege delar av Slovenia er omtrent som i Ungarn, men ein har oftare mildare periodar her.

Snittemperaturen er -2 °C i januar og 21 °C i juli. Årleg nedbør er i snitt 1000 mm på kysten, opp til 3500 med meir i Alpane, 800 mm i søraust og 1400 mm sentralt i Slovenia.

Demografi Folkesetnad Folkesetnaden i Slovenia er relativt etnisk homogen. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 83,1 % seg som slovenarar, 8,9 % erklærte ingen nasjonalitet eller nasjonalitet ukjent. Dei største minoritetane kom frå andre tidlegare jugoslaviske statar: serbarar (2,0 %), kroatar (1,8 %) og bosnjakar (1,1 %). To små minoritetsgrupper, ungarar (0,4 %) i aust og italienarar (0,2 %) på Istria og ved kysten, har status i grunnlova som «innfødde minoritetar», og har ein plass kvar reservert i nasjonalforsamlinga. Det fanst òg ein tysk minoritet fram til andre verdskrigen, men desse vart fordrivne eller flykta etter krigen. I 2002 var det 499 menneske som oppgav tysk nasjonalitet.

Dei største byane er hovudstaden Ljubljana (266 000 ib., 495 000 i det større byområdet), Maribor (111 000) og Celje (48 100).

Med 99 ibuarar per kvadratkilometer er Slovenia relativt tynt folkesett etter europeiske tilhøve. Om lag 51 % av folket bur i byar og 49 % på landsbygda. Forventa levetid er 72,2 år for menn og 80 år for kvinner (2003). Folketalet i Slovenia er svakt søkkande.

Språk Statsspråket er slovensk, som har ein skriftleg tradisjon tilbake til 1500-talet. Slovensk er eit sør-slavisk språk. Som for mange andre små folkeslag er språket ein svært viktig del av slovenarane si nasjonalkjensle. Fram til oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 var tysk eliten sitt språk og slovensk hadde lågare status, men på 1800-talet oppstod det ei språkrørsle som brukte slovensk som litteraturspråk og kjempa for å heva språket sin status. Enkelte forfattarar meinte på denne tida at slovenarane burde bruka serbo-kroatisk heller enn tysk og at det slovenske språket var for lite til å stå på eigne bein, men denne tankegangen vann ikkje fram. I Jugoslavia var slovensk eit av dei offisielle språka, men i praksis følte slovenarane ofte eit språkleg press frå serbo-kroatisk.

Minoritetsspråka italiensk og ungarsk har offisiell status i delar av landet.

Religion Slovenarane har tradisjonelt vore katolikkar, sidan dei vart kristna rundt 800. Unntaket var ein kort periode på 1500-talet då den protestantiske reformasjonen stod sterkt i Slovenia, men med den katolske motreformasjonen erobra den katolske kyrkja si stilling. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 57,8 % av folket seg som katolikkar, noko som er ein nedgang frå 71,6 % i 1991. 2,4 % var muslimar og 2,3 % ortodokse kristne. 10,1 % erklærte seg som ateistar.

Historie venstre|mini|Borga og kyrkja i Bled.

Dei tidlegaste kjende folkeslaga i dagens Slovenia var keltarar og illyrarar. Romarriket tok kontroll over området i det første hundreåret AD. Romerske byar i området omfattar Celeia (no Celje), Emona (Ljubljana), Nauportus (Vrhnika) og Poetovia (Ptuj). Dei romerske provinsane Dalmatia, Italia, Noricum og Pannonia omfatta delar av det som i dag er Slovenia. På 500-talet kom dei første slavarane til dagens Slovenia. På 600-talet oppstod det slaviske fyrstedømet Karantania, med senter nær dagens Klagenfurt, som strekte seg heilt til dagens Tsjekkia og Slovakia. Karantania fall på 700-talet under først bayersk og så frankisk herredøme, og vart del av Karl den store sitt keisarrike. Etter at forløparane for dagens ungararar slo seg ned på den pannoniske sletta på midten av 900-talet vart slovenarane og dei andre sørslavarane skilde frå vestslavarane lenger nord. Karantania vart del det tysk-romerske rike, først under hertugdømmet Bayern, frå 976 under hertugdømmet Kärnten. Kärnten vart over dei neste hundreåra oppdelt i hertugdøma Kärnten (slovensk Koroška), Steiermark (Štajerska) og Krain (Kranjska). Frå slutten av 1200-talet av kom dei slovenske område under styret til habsburgarane, der dei skulle bli verande heilt til 1918.

Slovenia vart del av grenselandet mot Det osmanske riket, som ved to høve nådde heilt til Wien med hærane sine. Det vart ofte herja, men vart aldri erobra av ottomanarane. På 1400-talet og 1500-talet var det hyppige bondeopprør, og då reformasjonen kom på 1500-talet vart mange slovenarar protestantar. I samanheng med dette vart den første boka på slovensk trykt i 1551 av Primož Trubar, og ei slovensk bibelomsetjing og slovensk grammatikk vart laga. Men med motreformasjonen vart Slovenia igjen katolsk område. Dei neste 300 åra var Slovenia ein roleg del av Habsburg-riket. På 1700-talet vart alminneleg skuleplikt innført, med undervisning på dei lågaste klassetrinna. I 1782 vart liveigenskapen avskaffa og fri religionsutøving tillate. I 1797 kom den første slovensk-språklege avisa, Ljubljanske Novice. I 1809 vart Slovenia erobra av det franske keisarriket under Napoléon Bonaparte, og Ljubljana vart hovudstad for Frankrike sine illyriske provinsar. Etter slutten på napoleonskrigane i 1814 vart den gamle orden gjeninnført.

Utover 1800-talet voks den slovenske nasjonalrørsla, mellom anna inspirert av tida under Napoleon. Slovenarane var dessuten på denne tida under sterkt germaniseringspress. Det slovenske språket hadde låg status, og for å stiga i dei sosiale gradene måtte ein "bli tysk". Diktaren France Prešeren (1800-1849 viste at det slovenske språket kunne brukast til høgverdig litteratur, og har seinare fått ein status som slovensk nasjonaldiktar. Under revolusjonane i Europa i 1848 vart tanken om større slovensk sjølvstyre for fyrste gong fremja. Utover 1800-talet reiste kravet seg om at dei slovenske områda, som framleis var delt mellom dei gamle hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain, skulle slåast saman til eitt område med indre sjølvstyre. I 1867 fekk Ungarn status som eige kongedøme, og det austerrikske keisarriket vart til dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Fleire og fleire slovenarar slutta seg til den sør-slaviske (jugoslaviske) tanken - at dei sørslaviske folka, slovenarar, kroatar og serbarar innan keisarriket, skulle slutta seg saman og få lik status som Ungarn, slik at dobbeltmonarkiet ville verta eit trippelmonarki.

mini|Byen Novo Mesto.

Denne tanken fekk ikkje gjennomslag før den første verdskrigen braut ut. Då denne førte til det totale samanbrot for Austerrike-Ungarn gjekk slovenarane med i den nye staten Serbarane, kroatane og slovenarane sitt kongerike, som i 1929 endra namn til kongeriket Jugoslavia. Kystområda vart okkuperte av Italia. Fullt sjølvstende vart ikkje vurdert seriøst av slovenarane på denne tida, då landet verka for lite til å overleva som eigen stat i dei urolege tidene som då var. Monarken i det nye kongeriket var den gamle kongen av Serbia, og slovenarane oppfatta staten som sterkt serbisk dominert. Med grunnlovsendringa som medførte namneskiftet til Jugoslavia i 1929 forsvann òg namnet Slovenia, nye provinsgrenser vart trekte opp og det meste av Slovenia vart del av Dravska banovina. Dessutan avskaffa kongen politiske parti og tok makta i eit kongeleg diktatur.

Då den andre verdskrigen braut ut var Jugoslavia frå starten av nøytralt, men 25. mars 1941 vart regenten, prins Paul, pressa til å inngå allianse med aksemaktene. To dagar etter vart han avsett i eit militærkupp. Tyskland reagerte med å invadera Jugoslavia 6. april 1945, støtta av Italia, Ungarn og Bulgaria. Slovenia vart delt opp mellom Italia, Tyskland og Ungarn. Okkupasjonstida var ei blodig tid i heile Jugoslavia, med uoversiktlege konfliktlinjer mellom kommunistiske partisanar under Tito og andre motstandsgrupperingar, som ofte enda opp med å alliera seg heilt eller delvis med dei tyske og italienske okkupantane mot kommunistane. I Slovenia oppstod ein organisasjon kalla domobranstvo (heimevern) (deltakarane domobranci), som var drivne av anti-kommunisme og kjempa mot partisanane, som òg var aktive i Slovenia. Etter slutten av krigen gjennomførte Tito sine partisanar i mai 1945 omfattande massakrar på domobranci, kroatiske ustasja-soldatar og andre som hadde prøvd å flykta til den britiske okkupasjonssona i Austerrike, kjend som Bleiburg-massakrane. Talet drepne er vanskeleg å slå fast, men går opp i fleire titusen. Den tyske minoriteten vart driven ut av landet. Med fredsavtalen overtok Jugoslavia dei slovenske områda som hadde vore italienske i mellomkrigstida, men målet om òg å få byen Trieste, som hadde ein stor slovensk minoritet, vart ikkje oppnådd. Jugoslavia vart reorganisert som ein sosialistisk føderasjon, og Slovenia vart ein av dei seks delrepublikkane.