Kristian Brinch Koren () var fødd i Trondheim som son av overlege August L. Koren og Johanne Cathrine, fødd Brinch, og var ein norsk historikar og arkivar. Han vart tilsett som stiftsarkivar i Trondheim i 1891, og var riksarkivar 1913–33.

Kristian B. Koren tok artium ved Kristiania Katedralskule i 1881, og fullførte filologiske studium i Kristiania hausten 1889. Etter å ha vore volontør ved Universitetsbiblioteket og vikar ved Riksarkivet, vart han 20. februar 1891 utnemnd til stiftsarkivar i Trondheim. Han vart utnemnd til riksarkivar 6. desember 1912, og tiltredde 2. april 1913.

Som riksarkivar utarbeida han eit arkivteknisk program, og fekk oppført nybygg for Statsarkivet i Bergen i 1921 og Statsarkivet i Trondheim i 1927, og fekk oppretta nye statsarkiv i Hamar i 1917 og i Kristiansand i 1930, og han fekk Stortinget til å vedta bygging av nytt Riksarkiv i 1929.

Publikasjonar Fortegnelse over filologer, realister og mineraloger ved Norges Universitet 1813-1884, 1885. Om kilder til Norges historie i middelalderen i engelske arkiver, 1893. Stamtavle over familien Koren. 1898/1903. Karter og topografiske tegninger vedk. Trondheim og Trøndelag, 1899. Trondhjem i gamle dage. Billeder i lystryk, 1907. Hans Nissens og hustrus stiftelse og arbeidshus, 1907.

Kategori:Norske riksarkivarar Kategori:Norske statsarkivarar Kategori:Folk frå Trondheim