Prinsesse Astrid, fru Ferner () var den andre dottera til kronprins Olav og kronprinsesse Märtha. Søskena hennar var kong Harald V av Noreg og prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen.
Liv og virke Prinsesse Astrid tok i 1950 examen artium ved Nissen pikeskole i Oslo. Ho studerte i Oxford frå 1950 til 1952. Prinsesse Astrid har drive mykje med keramikk og måling.
Den 12. januar 1961 gifta Prinsesse Astrid seg med Johan Martin Ferner, og fekk då det offisielle namnet og tittelen Prinsesse Astrid, fru Ferner. Paret hadde fem ungar, Cathrine Ferner Johansen, fødd 22. juli 1962, Benedikte Ferner, fødd 27. september 1963, Alexander Ferner, fødd 15. mars 1965, Elisabeth Ferner, fødd 30. mars 1969 og Carl-Christian Ferner, fødd 22. oktober 1972. Paret budde i Oslo.
Dei første åra etter at Kong Olav kom på trona, bisto Prinsesse Astrid far sin mykje, og fungerte som landets førstedame. Dette var fordi Olav var enkemann då han blei konge, og den eldre syster hennar, Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen, var busett i Brasil.
Prinsesse Astrid engasjerte seg for fleire veldedige organisasjonar. Ho hadde ei hovudinteresse for barn og unge med lese- og skrivevanskar, noko både ho sjølv og far hennar hadde slite med.
Astrid fekk ei lang rekkje utmerkingar og dekorasjonar, mellom anna storkross med kjede av St. Olavs Orden. Heilt sidan mora hennar, kronprinsesse Märtha døydde, var Astrid den høge beskyttaren til Norges Lotteforbund.
Titlar Prinsesse Astrid av Noreg (1932-1961) Prinsesse Astrid, fru Ferner (1961-2026)
Galleri Astrid av Noreg
Kjelder
Kategori:Kongelege frå Oslo Kategori:Norske prinsesser Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Huset Glücksburg Kategori:Presidentar i Den olympiske organisasjonskomitéen