mini|Om ein reknar at hydrogen og oksygen har standardvekt i denne figuren, så er molekylmassen 18,01528 u. Molekylmasse (forkorta M) til eit stoff, ofte omtalt som den eldre nemninga molekylvekt og forkortinga MW, er massen til eitt molekyl i stoffet, relativt til atommasseeininga u (lik 1/12 av massen til ein isotop av karbon-12Calculate Molecular Weight - Molar Mass Calculator - Chemistry Online Education). Dette skil seg frå relativ molekylmasse som er forholdet mellom massen til molekylet og 1/12 av massen til karbon-12, og er eit dimensjonslaust tal. Relativ molekylmasse har forkortinga Mr.

Molekylmasse skil seg frå meir vanlege målingar av masse, som molmasse, ved at ein tar omsyn til isotop-samansetninga til eitt molekyl i staden for den gjennomsnittlege isotopfordelinga til mange molekyl. Som følgje av dette er molekylmasse eit meir presist tal enn molmasse, men det er likevel meir nøyaktig å nytte molmasse på større prøvar. Dette tyder at det oftast er mest nyttig å nytte molmasse, bortsett frå når ein ser på eitt enkelt molekyl.

Sjå òg Avogadrotalet Atommasseeining Absolutt molmasse Monoisotopisk masse Mol Relativ molekylmasse

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Molecular mass» frå , den 19. juli 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Molekylmassekalkulator

Kategori:Masse Kategori:Kjemiske eigenskapar