Bertel O. Steen er eit norsk konsern som vart grunnlagd i 1901 av Bertel Otto Steen, med agentur for jern/metall, Gillette barberblad og Colt handvåpen.

Føretaket formidla bilar for første gong i 1907. Tre bilar av merket Cadillac som ein amerikansk forretningskontakt hadde sendt. To år etter kom bilsalget inn i organiserte former, da firmaet byrja som agentur for Humber, Fiat, Stöwer og Nagant.

Bertel O. Steen-konsernet er i dag eit av dei største service- og handelsselskapa i Noreg, og importerer bilmerka Mercedes-Benz, Peugeot, Smart og Kia. Steen er Noregs eldste bilimportør som framleis driv med import av bilar.

Bilhistorie

1907 3 bilar av merket Cadillac seld gjennom eige agentur. 1907 Starta import av Mercedes-Benz lastebilar 1930 Starta import av Peugeot 1934 Starta import av Wanderer 1972 Tok over all import av Mercedes-Benz 1980 Starta import av Daihatsu 1995 Starta import av Kia 2003 Kjøpte importverksemda for Chrysler, Jeep og Dodge frå Møller US Import AS 2003 Starta import av Smart bilar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske bilimportørar Kategori:Skipingar i 1901