The Standells var eit garasjerockband i 1960-åra frå Los Angeles i California.
Historie Bandet vart danna i 1962 av gitarist Tony Valentino og organist Larry Tamblyn. Etter at Dick Dodd og bassisten Gary Lane kom med i bandet fekk The Standells den første hitten sin med «Dirty Water», som nådde 11. plass på Billboard-lista den 11. juni 1966.
Andre populære songar av bandet var «Sometimes Good Guys Don't Wear White», «Why Pick On Me», «Riot On Sunset Strip» og «Try It».
Tidlegare i 60-åra var Dick Dodd den opphavlege trommeslagaren for The Bel-Airs, som var kjend for hitten og surferock-songen «Mr. Moto». Dodd var òg tidlegare ein del av Mouseketeer. Larry Tamblyn er bror til skodespelar Russ Tamblyn og onkel til Amber Tamblyn, stjerna i Joan of Arcadia. Lowell George, som seinare skulle spele med Little Feat, spelte ei kort stund gitar i The Standells før dei gav seg i 1968. Gary Walker, seinare i The Walker Brothers, var òg eit medlem i bandet.
Bandet var med i fleire lavbudsjettsfilmar i 1960-åra, som Get Yourself a College Girl og Riot on Sunset Strip. The Standells var og med i situasjonskomedien The Munsters i episoden «Far Out Munster».
I 1999 kom dei opphavlege bandmedlemmane i saman for ein konsert på Cavestomp festival og dette vart gjeve ut på albumet Ban This!
Bandet held framleis stundom konsertar.
Diskografi
Dirty Water 1966 Why Pick On Me (aka Sometimes Good Guys Don't Wear White) 1966 The Hot Ones! 1967 Try It 1967 Riot on Sunset Strip 1967 Rarities 1984 Recorded live at PJ's San Francisco 1964, 1990 Ban This! (konsertinnspeling frå 1999) 2000 The Live Ones (konsertopptak frå 1967) 2001
Bakgrunnsstoff The Standells på pHinnWeb The Standells spelar «Sometimes Good Guys Don't Wear White» på Cavestomp, 1999
Kategori:USA-amerikanske rockegrupper Kategori:Musikkgrupper frå 1960-talet Kategori:Musikkgrupper skipa i 1962 Kategori:Garagerock-grupper