Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi, og kan vanskeleg plasserast på nokon høgre-venstre-skala. Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann.
Framvekst i krisetid Partiet voks fram på 1930-talet mykje som resultat av den økonomiske krisa i mellomkrigstida, og vart grunnlagt i 1933. Samfundspartiet hadde få formelle strukturar. Slik fekk Brochmann stort spelerom. Han vart overraskande innvald på Stortinget frå Bergen i 1933, og fekk merksemd ved i krisetidene å nekta å ta imot løn for å sitja på Stortinget. Samfundspartiet, ved Brochmanns vararepresentant Gjert E. Bonde, var det einaste partiet som røysta mot Steriliseringslova i 1934. Lova opna for sterilisering av personar med «mangelfullt utviklede sjelsevner», og lova vart særleg nytta ved sterilisering av romanifolk og tatarar.
Ved valet i 1936 vart ikkje Brochmann stortingsrepresentant. Trass i dette vart partiet representert gjennom Sigurd Haakon Jacobsen, innvald frå Nordland fylke. Då okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen kom i 1940, valde partiet å oppløysa seg sjølv. Sjølv om Brochmann tok avstand frå Vidkun Quisling meinte han at Hitler sin økonomiske politikk var fornuftig. Slike synspunkt vart offentleg gjeve uttrykk for, mellom anna i ei radiotale. Brochmann og fleire av partikameratane vart dømde i landssvikoppgjeret etter krigen. Ved stortingsvalet i 1945 stilte krefter i partiet til val som «Nytt Norge» i Bergen og landkrinsane i Sør-Trøndelag. Nytt Norge vart ikkje representert på Stortinget, men fekk representantar i bystyret i Bergen ved vala i 1945 og 1947.Anders Bjarne Fossen & Tore Grønlie: Bergen bys historie, bd IV (Bergen, 1985)
Oppslutning ved Stortingsval Samfundspartiet stilte til val ved tre stortingsval i tida 1933-49, og oppnådde følgjande resultat: 1933: 1,5 %; 1 stortingsrepresentant frå Bergen 1936: 3,1 %; 1 stortingsrepresentant frå Nordland 1945: partiet stilte ikkje lister 1949: 0,7 %; partiet vart ikkje representert på Stortinget
Nytt Norge fekk i 1945 0,12 % av røystene på landsbasis. I dei to valkrinsane dei stilte var resultata: Bergen: 2,9 % Sør-Trøndelag:0,3 %
Ingen stad fekk Samfundspartiet større oppslutning enn i Velfjord kommune i Nordland.Arnold Forbergskog: «Velfjord - det politiske 'anderledeslandet'» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1 1933: 0,2 % 1936: 42,0 % 1945: partiet stilte ikkje liste; valdeltakinga i kommunen sokk til 40,7%, mot 70,0 % ved valet i 1936 1949: 40,2 %
Referansar
Bakgrunnsstoff Henimot nullpris! Foredrag om Samfundspartiet sin økonomiske politikk Om Bertram D. Brochmann i Norsk Biografisk Leksikon Nettstaden til avisa Samfunnsliv, grunnlagd av Brochmann Norsk Krigsleksikon om Brochmann
Sjå òg Samfunnspartiet - eit parti som vart grunnlagd i 1985 av Øystein Meyer Johannessen.
Kategori:Tidlegare norske politiske parti Kategori:Skipingar i 1933