Nordre valkrins (nordsamisk: Davveguovllu válgabiire, bokmål: Nordre valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no Krinsen vert også kalla valkrins 3. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2540 personar som var registrerte i manntalet i området.
Krinsen femner kommunane Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Alta og Loppa i Finnmark fylke, og Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa i Troms fylke.
Det skal ved valet i 2015 veljast inn seks sametingsrepresentantar frå krinsen.Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019. Sametinget skal til saman ha 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.«Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget Nordre valkrins tilsvarar den tidlegare krinsen Alta/Kvalsund valkrins i tillegg til Nordkapp og Måsøy kommunar som tidlegare var del av Porsanger valkrins, og Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar som høyrde til Nord-Troms valkrins.Sametingsvalget 2009: «3. Davveguovllu válgabiire/Nordre valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Nordre valkrins Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.
Árja Arbeidarpartiet Framstegspartiet Høgre Nordkalottfolket Norske Samers Riksforbund Senterpartiet Šiella
Referansar
Bakgrunnsstoff FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa
Kategori:Finnmark fylke Kategori:Sametingsval Kategori:Troms fylke Kategori:Valkrinsar i Noreg