I Dovregubbens hall er eit musikkstykke, Opus 23, komponert av Edvard Grieg for skodespelet Peer Gynt av Henrik Ibsen. Det hadde premiere i Oslo den 24. februar 1876. Det vart seinare trekt ut som det siste stykket av Peer Gynt, Suite No. 1, Op. 46.) Sjølv om framføringa av heile stykket berre varer to og eit halv minutt, har det eit lett gjenkjenneleg tema som har gjeve stykket eit ikonstatus i popkulturen.

Peer Gynt er eit eventyr skrive på rim som fortel soga om Peer. Sekvensen som er skildra musikalsk i I Dovregubbens hall er når Peer snik seg inn i slottet til Dovregubben. Stykket skildrar så korleis Peer prøver å rømme frå Dovregubben og trolla hans.

Musikken

Det kjende temaet, skriven i H-moll, går slik: 550px

Det enkle temaet startar sakte og roleg i dei lågaste registera til orkesteret. Det vert først spelt av celloar og fagottar, som uttrykker Peer Gynt som listar seg avgarde. Temaet vert gjenteke men endra litt kvar gong med eit par forskjellige stigande tonar og så transponert opp til ein rein kvint (til fissdur) og spelt på forskjellige instrument: desse er trolla til Dovregubben.

Fil:Mountain King theme2.png

Dei to instrumentgruppene går så inn og ut av forskjellige oktavar og «kolliderer» til slutt med kvarandre i same tonehøgd. Trolla har då oppdaga Peer og jagar etter han. Tempoet aukar gradvis opp til ein prestissimo-finale og musikken vert gradvis høgare og meir melodisk.

Dovregubben sjølv tordnar inn i det musikalske bilete og møter Peer, som raskt spring den andre vegen. Dette kan ein høyre som lange rekkjer diatoniske steg, med korte, stille augneblink mellom når Dovregubben leitar etter Peer som har gøymd seg. Peer vert til slutt oppdaga og musikken vert på sitt høgaste og raskaste når han spring ut av grotta. Ei rekkje cymbalar og pauker kjem så inn og dei andre instrumenta vert stille. Fjellet raser saman og tar truleg livet av alle trolla som hadde jaga etter Peer. Stykket endar, både musikalsk og teatralsk, med å gå tilbake til det tonisk og endar på ein H-moll-akkord, som uttrykker at Peer klarte å rømme.

Teksten til songen i Peer Gynt (Troll-hoffmennene): Slagt ham! Kristenmands søn har dåret. Dovregubbens veneste mø! Slagt ham! Slagt ham! (ein trollunge): Må jeg skjære ham i fingeren? (ein annan trollunge): Må jeg rive ham i håret? (ei trolljente): Hu, hej, lad mig bide ham i låret! (ei trollheks med ause): Skal han lages til sod og sø? (ei anna trollheks med øks): Skal han steges på spid eller brunes i gryde? (Dovregubben): Isvand i blodet!

Stykket i popkulturen

Temaet er spelt av mange artistar opp gjennom åra. Nokre av desse er: Band/ArtistAlbumSongMerknadApocalypticaCult«Hall of the Mountain King» Big Brother and the Holding Company   Captain JackDance Dance Revolution games«Dream a Dream» Delinquent HabitsMerry Go Round«The Kind»nyttar temaDj Falk «Hall of the mountainking»nyttar temaThe DiffsSelf-Titled«Can't Escape»nyttar temaElectric Light OrchestraOn the Third Day«In the Hall of the Mountain King» ErasureThe Circus«In the Hall of the Mountain King» HelloweenWalls of Jericho«Gorgar»nyttar temaMachito «El Salón del Rey del Mambo» mc chris «Peer Gynt»nyttar temaPirumSvett«I Dovregubbens hall»Mannskor syng a cappellaRainbowStranger in Us All«Hall of the Mountain King» DJ Ruffneck «Ruffneck rules da artcore scene»nyttar temaAnselmo Sacasas «The Hall of the Mambo King» SagaDetours  SavatageHall of the Mountain King«Prelude to Madness» Ska-PEurosis"Simpático Holgazán"nyttar temaSRCMilestones medley med Bolero2PM(SRC)«Mountain King»Van Helsing's CurseOculus Infernum«Tubular Hell»nyttar temaVernian ProcessCatalysts«In the Hall of the Mountain King» VintersorgTill Fjälls«För Kung Och Fosterland»nyttar temaRick Wakeman «Journey to the Centre of the Earth»nyttar temaThe WhoThe Who Sell Out«Hall of the Mountain King»bonus på nyutgjeving frå 1995Wolf HoffmannClassical«In the Hall of the Mountain King» The Wombles «Hall of the Mountain Womble» 

Filmar, TV-program og videospel der stykket medverkar Fritz Lang-filmen M (1931). Peter Lorres karakter - barnemordaren Franz Beckert - plystrar konstant I Dovregubbens hall. The Ren & Stimpy Show-episoden Big Baby Scam, når den nakne gamle mannen med kyllingbein festa til hovudet plystrar melodien. Thrilleren Noe for enhver (1993), basert på boka Needful Things av Stephen King. Thrilleren Public Access (1993), regissert av Bryan Singer. Traileren til filmen Grinchen, regissert av Ron Howard. Filmen Rat Race (2001), når Duane og Blaine vert dradd opp i radiotårnet ved flyplassen. Traileren til filmen Duplex (2003). Michael Moore-dokumentaren Bowling for Columbine (2002). Komedien RV (2006) med Robin Williams og Jeff Daniels. Den animerte serien The Adventures of Sonic the Hedgehog (1993). Den animerte serien Inspector Gadget (1983-1986). Filmen The Pied Piper of Hamelin (1957). Videospelet Shamus nyttar stykket i tittelmusikken. Videospelet Manic Miner (1983) nyttar stykket som tittelmusikk. Videospelet Project Gotham Racing 4 (2007) nyttar stykket som bakgrunnsmusikk. Filmen Scoop (2006), med Woody Allen. Den animerte Disney-serien Little Einsteins (2007). Filmen The Social Network (2010), under rokonkurransen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «In the Hall of the Mountain King» frå , og «I Dovregubbens hall» frå den 28. juni 2009.

Bakgrunnsstoff I dovregubbens hall framført av Jerusalem symfoniorkester på YouTube www.kreusch-sheet-music.net - Gratis notar

Kategori:Komposisjonar av Edvard Grieg Kategori:Kjenningsmelodiar Kategori:Apocalyptica-songar Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:The Who-songar Kategori:Musikkverk frå 1875