«A Legal Matter» er ein song skriven av Pete Townshend og spelt inn av The Who for debutalbumet deira My Generation. Songen vart spelt inn 12. oktober 1965 i IBC Studios og gjeven ut som B-side til «The Kids Are Alright». Singelen vart gjeven ut av produsent Shel Talmy utan løyve frå The Who den 11. mars 1966 (dagen trommeslaga Keith Moon gifta seg med kjærasten Kim) og nådde 32. plass på den britiske singellista. Dette var eit forsøk på å sabotere for singelen bandet sjølv hadde vald ut, «Substitute», som nådde 5. plass. Songen handlar om to tenåringar som skil seg. Han var første gong Townshend song solovokal på ei innspeling i staden for Roger Daltrey, kanskje fordi songen var for nær Daltrey som på denne tida var involvert i ei skilsmisse med kona si.

Som andre Who-songar skrivne i denne perioden vert kvinna i songen skulda for svik og bedrag.

Songen vart spelt inn av Richard Thompson på albumet hans 1000 Years Of Popular Music i 2003.

Bakgrunnsstoff TheWho.net

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Legal Matter» frå , den 26. juni 2009.

Kategori:The Who-songar Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Decca Records-singlar Kategori:Brunswick Records-singlar Kategori:Songar om skilsmisse Kategori:Richard Thompson-songar