miniatyr|Koreografisk notasjon til baletten La Bayadère. Koreografi (av klassisk gresk χορός, 'dans' og γράφειν, 'skriva') er det å utforma og skildra ein dans med omsyn til rørsler, steg og posisjonar, vanlegvis til eit visst stykke musikk. Ordet «koreografi» viser også til den ferdige dansekomposisjonen. I den vidaste tydinga blir koreografi òg nytta for andre sekvensar med rørsle, for eksempel i kampsportscenar i filmar.
Koreografi viste opphavleg til notasjon av danserørsler. Skriftlege oppteikningar av danserørsler blir gjerne kalla dansenotasjon. Moderne koreografi utvikla seg etter reformer av Georges Noverre seint på 1700-talet. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Koreografi» frå , den 16. juni 2009. Denne artikkelen bygger på «Koreografi» frå , den 8. november 2019.
Kategori:Dans Kategori:Greske ord og uttrykk