Film

Prisar: The English Patient vann oscarprisar for beste film, beste regissør og beste kvinnelege birolle Secrets & Lies vann gullpalma ved filmfestivalen i Cannes Michael Collins vann gulløva ved filmfestivalen i Venezia Sense and Sensibility vann gullbjørnen ved filmfestivalen i Berlin

Dei ti best inntenande Hollywood-filmane i 1996 var Independence Day, Twister, Mission: Impossible, The Rock, The Nutty Professor, Eraser, The Hunchback of Notre Dame, Jerry Maguire, Ransom og 101 Dalmatians

Mot argentinske protestar spelte Madonna rolla som Eva Perron i musikalfilmen Evita mot Antonio Banderas og Jonathan Pryce. Filmen blei godt motteken.

Litteratur Wisława Szymborska fekk Nobelprisen i litteratur.

Musikk mini|Neneh Cherry opptrer i 1996. Tupac Shakur gav ut det første dobbeltalbumet innan rapp, All Eyez on Me, som fekk store sal og stor innverknad. Shakur blei skoten frå ein forbipasserande bil i september same året, og døydde ei snau veke seinare.

Turnear: Michael Jackson sin HIStory-turné, Neneh Cherry sin Man-turné.

Operasongarane Roberto Alagna Angela Gheorghiu gifta seg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «1996 in film» frå , og «1996 in music» frå den 28. juni 2009.