Spellemannprisen 2002 vart delt ut i Oseberg kulturhus i Tønsberg laurdag 22. februar 2003. Röyksopp fekk prisen for Årets spellemann, og prisen «årets musikkvideo» for videoen til songen «Remind Me».
For fyrste gong var det TV 2 som arrangerte og overførte utdelinga. Nytt for dette året var også at arrangementet var utan nokon fast programleiar. I staden bytta ei rekkje av artistane på å sjølv introdusere artistar og prisutdelarar.
Vinnarar Klasse Artist Tittel Viser Odd Børretzen & Lars Martin Myhre Kelner! Rock Madrugada Grit Metal Satyricon Volcano Hip-Hop Paperboys No Cure For Life Popsolist Thomas Dybdahl ...That Great October Sound Popgruppe Ephemera Balloons and Champagne Elektronika Salvatore Tempo Open klasse Sidsel Endresen & Bugge Wesseltoft Out Here. In There Jazz Come Shine Do Do That Voodoo Blues Bjørn Berge Illustrated Man Klassisk musikk Leif Ove Andsnes Schubert; Pianosonate A-Dur D 959 Samtidsmusikk Frode Haltli Looking on Darkness Folkemusikk/gammaldans Øyonn Groven Myhren & Odd Nordstoga Nivelkinn Danseorkester Dænsebændet Får Vi Lov? Barneplate Uhu! (NRK Barn) Uhu! Vol. 2 Årets musikkvideo Röyksopp «Remind Me» Årets nykomar Gåte Jygri Årets låt Bjørn Eidsvåg «Mysteriet deg» Årets spellemann Röyksopp
Kjelder Nettstaden ifpi.no
Kategori:Spellemannprisen Kategori:Musikk i 2002 Kategori:Musikk i 2003 Kategori:Kultur i 2003