Spellemannprisen 1984 vart delt ut Ibsenhuset i Skien våren 1985. Åge Aleksandersen vart Årets spellemann etter suksessen med albumet Levva livet!. Platedirektøren Totto Johannessen fekk heidringssprisen frå juryen, medan Jon Eberson og Sidsel Endresen fekk bransjeprisen som opphavsmenn for albumet City Vision. For fyrste gong vart det delt ut pris i klassen «roots & country» og denne prisen gjekk til Cato Sanden.
For fyrste gong fekk ikkje artistane vite kven som hadde vunne dei ulike sjangerklassene på førehand, slik praksisen hadde vore dei førre åra. Frå og med denne utdelinga måtte dei, i likskap med publikum, vente til prisutdelarane avdekte vinnarane.
Vinnarar Klasse Artist Tittel Pop Lava Fire Rock Can Can En lek i forhold Folkemusikk/gammaldans Agnes Buen Garnås Draumkvedet Jazz Laila Dalseth Daydreams Roots & country Cato Sanden Cato Sanden Klassisk musikk/samtidsmusikk Oslo Filharmoniske Orkester Tchaikovsky 5. symfoni Visesong Tove Karoline Knutsen Veintetid Open klasse Balkansemblet Balkan samlet Barneplate Visvas Kompis med Albert Åberg Årets spellemann Åge Aleksandersen Levva livet! Spesialpris: heidringspris frå juryen Totto Johannessen Bransjepris som opphavsmann Jon Eberson/Sidsel Endresen City Vision
Kjelder Nettstaden ifpi.no
Kategori:Spellemannprisen Kategori:1985 Kategori:Musikk i 1984 Kategori:Musikk i 1985