Spellemannprisen 1976 vart delt ut våren 1977. Pianisten Robert Levin fekk heidringssprisen frå juryen dette året, og det vart delt ut pris i klassen «rock» for fyrste gong.

Noreg arrangerte samstundes VM i skiskyting, ei hending som også vart kringkasta til andre nasjonar. NRK stod for produksjonen av begge hendingane men hadde ikkje nok utstyr til å sende begge i fargar. Overføringa til andre land vart prioritert høgast og Spellemannprisen vart derfor overført i svart/kvitt dette året.

Vinnarar Klasse Artist Tittel Vokalist Wenche Myhre Wenche Pop Match med Wenche Hallan Match Rock Arbeidslaget Grovarbeid Folkemusikk/gammaldans Toradertrioen Takk for sist Jazz Bjarne Nerem Everything Happens to Me Klassisk musikk/samtidsmusikk Einar Steen-Nøkleberg Norsk barokk og galanterier Open klasse Morten Gunnar Larsen Classic Rags & Stomps Visesong Ole Paus I anstendighetens navn Barneplate Visvas Maleri av Visvas Spesialpris: heidringspris frå juryen Robert Levin

Kjelder Nettstaden ifpi.no

Kategori:Spellemannprisen Kategori:Musikk i 1976 Kategori:Musikk i 1977