Arto Tapio Paasilinna () var ein finsk forfattar og journalist. Han var ein av dei mest populære forfattarane i heimlandet, men vann seg også mange lesarar i Europa, særleg i Frankrike og Tyskland. Til saman fekk han utgitt 35 romanar. Harens år frå 1975 er den mest suksessrike boka hans, ho er omsett til 24 språk, og er også filma.
Paasilinna sine forteljingar reflekterer eit heilt vanleg finsk daglegliv, ofte sett gjennom augo til ein middelaldrande mann. Dei er lettlesne, lette og humoristiske i stilen og kan omtalast som pikareske eventyrforteljingar med eit litt satirisk blikk på det moderne livet. Somme av bøkene hans kan omtalast som moderne mytar, ikkje minst Harens år.
Over ein lang periode kom det ei ny bok frå han årleg, og i Finland heitte det seg at ei ny Paasilinna var eit like sikkert haustteikn som at bjørkelauvet byrja dryse.
Paasilinna er bror til politikaren Reino Paasilinna og forfattaren Erno Paasilinna og forfattaren Mauri Paasilinna.
Utgjevingar
1972 – Operaatio Finlandia 1974 – Paratiisisaaren vangit 1975 – Jäniksen vuosi På norsk: 2004 – Harens år, omsett av Nøste Kendzior 1976 – Onnellinen mies På norsk: 2004 – En lykkelig mann, omsett av Ellen Holm Stenersen 1977 – Isoisää etsimässä 1979 – Sotahevonen 1980 – Herranen aika 1981 – Ulvova mylläri På norsk: 2006 – Den ulende mølleren, omsett av Nøste Kendzior 1982 – Kultainen nousukas 1983 – Hirtettyjen kettujen metsä På norsk: 2006 – De hengte revenes skog, omsett av Nøste Kendzior 1984 – Ukkosenjumalan poika På norsk: 2004 – Tordengudens sønn, omsett av Ellen Holm Stenersen 1985 – Parasjalkainen laivanvarustaja 1986 – Vapahtaja Surunen 1987 – Koikkalainen kaukaa 1988 – Suloinen myrkynkeittäjä På norsk: 2008 – Den elskelige giftblandersken, omsett av Tor Tveite 1989 – Auta armias 1990 – Hurmaava joukkoitsemurha På norsk: 2007 – Kollektivt selvmord, omsett av Tor Tveite 1991 – Elämä lyhyt, Rytkönen pitkä På norsk: 2009 – Den senile landmåleren, omsett av Ellen Holm Stenersen 1992 – Maailman paras kylä 1993 – Aatami ja Eeva 1994 – Volomari Volotisen ensimmäinen vaimo ja muuta vanhaa tavaraa På norsk: 2012 – Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting, omsett av Ellen Holm Stenersen 1995 – Rovasti Huuskosen petomainen miespalvelija På norsk: 2004 – Prosten og hans forunderlige tjener, omsett av Ellen Holm Stenersen 1996 – Lentävä kirvesmies 1997 – Tuomiopäivän aurinko nousee 1998 – Hirttämättömien lurjusten yrttitarha 1999 – Hirnuva maailmanloppu 2000 – Ihmiskunnan loppulaukka 2001 – Kymmenen riivinrautaa 2003 – Liikemies Liljeroosin ilmalaivat 2004 – Tohelo suojelusenkeli 2005 – Suomalainen kärsäkirja 2006 – Kylmät hermot, kuuma veri 2007 – Rietas rukousmylly 2008 – Neitosten karkuretki 2009 – Elävänä omissa hautajaisissaan
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arto Paasilinna» frå , den 2. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
Arto Paasilinna si heimeside (finsk).
Kategori:Finske forfattarar Kategori:Folk frå Lapplands län