mini|Gameboy Color Game Boy Color (og kjend som GBC) er ein handhalden spelkonsoll laga av Nintendo og er etterfylgjaren til Game Boy. Han har fargeskjerm og kan vise opp til 56 forskjellige fargar samstundes, frå ein palett på 32 768 fargar. Game Boy Color kan også fargeleggje spel som var utvikla for den opphavlege Game Boy-konsollen.
Game Boy Color har ein dobbelt så rask prosessor og dobbelt så mykje minne som dei tidlegare utgåvene, i tillegg til ein infraraud kommunikasjonsport. Ein av dei mest ettertrakta eigenskapane er bakoverkompabiliteten, det at ein kan nytte Game Boy-kassettar laga for eldre utgåver for å spele eldre spel. Dette vart ein hovudeigenskap til Game Boy-serien, som ved kvar ny-lansering fekk eit større spelbibliotek enn nokon av konkurrentane.
Tekniske spesifikasjonar CPU: Z80 – kunne køyre på 4 og 8 MHz RAM: 32 kbit (pluss 128 kbit på kassettane) ROM: Kassettar på opp mot 64 Mbit vart produsert Video RAM: 16 kbit Lyd: 4 kanalars stereo Skjerm: Reflektiv LCD, 160 x 144 pikslar Fargepalett: 32 768 fargar; støtta 10, 32, eller 56 samtidige fargar på skjermen Kommunikasjon: Seriell: 512 kbit/s; opptil fire konsollar samstundes Infraraud: Mindre enn to meter ved 45 grader Straum: 2 stk AA batteri som rekk til ca. 13 timar. Også ein straumadapter var tilgjengeleg.
Bakgrunnsstoff
Colour
de:Game Boy#Game Boy Color hu:Nintendo#Game Boy sorozat