Dalsfjord kyrkje er ei krosskyrkje på Dravlaus i Dalsfjord i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1910 og bygd i treverk (tømmer). Ho vart vigsla av biskop Johan Willoch Erichsen.Dalsfjord sogenemnd: Dalsfjordsoga 1967 Arkitekt var Ole Havnæs.
Lars Kinsarvik måla altartavla. Ho syner Jesus i bøn. Motivet er det same som han måla i Vartdal kyrkje , og som er ein reproduksjon av altartavla i Johanneskirken i Bergen, måla av Marcus Grønvold i 1894.Lidén, Magerøy ; Norges Kirker, Oslo 1983 Kinsarvik sytte og for annan dekor i kyrkja. Orgel vart innsett av Bernt M. Haugen og Lars E. Ulvestad som dreiv orgelfabrikk i Ulvestadbygda.
Kyrkja har 400 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Andre kyrkjer i Volda Austefjord kyrkje Bjørke kyrkje i Volda Volda kyrkje Hornindal kyrkje Kilsfjord kyrkje
Kjelder Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Dalsfjord kyrkje, Dravlaus», s. 303
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Dalsfjord kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Volda Kategori:Ole Havnæs Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Volda Kategori:Norske kyrkjer frå 1910 Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Lars Kinsarvik