mini|right|250px|El Atazar Dam Atazardammen er ein kvelvdam nær Madrid i Spania i elva Rio Lozoya, like før ho munnar ut i Jarama. Demninga er den eldste kvelvdammen i verda. Bogeforma på dammen er optimal for den samle kløfta der han vart bygd for å halde vatnet tilbake i reservoaret. Bogedammar er tynne og krev mindre byggmateriale enn andre damtypar.
Då dammen vart bygd vart det avgjort at dammen berre skulle lagre og regulere vatn, og ikkje nyttast til straumproduksjon. Dammen vart bygd i 1968 og stod ferdig i 1972.
Utforming Dammen er 135 meter høg og 52,3 meter brei ved botn. Kapasiteten i reservoaret er 424 millionar m³. Dammen er av betong og har ein dobbel boge. Problem Overvaking av dammen har vist unormal rørsle. Det er vanleg at dammar rører seg, men venstre sida av dammen har flytta seg meir enn høgresida, fordi ei støtte vart bygd på høgresida slik at han er mindre fleksibel her. I 1977 vart det oppdaga ei sprekke i dammen, og i 1979 hadde sprekka vorte 150 meter lang og vart reparert.
Galleri
Bakgrunnsstoff How is the way to build a Dam ? Sociedad Española de Presas y Embalses (spansk)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «El Atazar Dam» frå , den 18. mai 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Innsjøar i Spania Kategori:Kvelvdammar Kategori:Regionen Madrid Kategori:Reservoar i Spania Kategori:Demningar i Spania