Banyolessjøen eller Estany de Banyoles er ein innsjø i Pla de l'Estany nordaust i Catalonia. Han er kalla opp etter den nærliggande byen Banyoles. Innsjøen er om lag 2 km lang og 700 meter brei med eit gjennomsnittleg djup på 15 meter. På det djupaste er han nesten 40 meter. Innsjøen ligg ei naturleg tektonisk senking.
Fisk Det er både naturleg og innførte fiskeartar i innsjøen, som karpe, sørv, klumpfisk, suter, åbor og ål. På 1800-talet vart det sett ut gjedde, mexicansk ferskvassmalle og gullfisk, men i det siste har ein ikkje funne desse att.
Idrett Innsjøen er kjend som arena for roing under sommar-OL 1992 i Barcelona og for verdsmeisterskapen i roing i 2004.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake of Banyoles» frå , den 17. mai 2009. oppgav desse kjeldene: Den katalanske utgåva av artikkelen.
Bakgrunnsstoff Fakta om innsjøen
Kategori:Innsjøar i Spania Kategori:Arenaer under sommar-OL 1992 Kategori:Olympiske roarenaer