Sosialistpartiet (på nederlandsk Socialistische Partij, SP) er eit sosialistisk parti i Nederland. Det blei danna i 1972 som eit maoistisk parti, men forlet i 1991 formelt «marxismen-leninismen» som grunnlag, etter i praksis å ha gått bort frå desse dogmene lenge før. I 1994 fekk partiet sine første parlamentsmedlemmer, og i 1999 fekk det valt sin første medlem i EU-parlamentet, der det no har to. Der høyrer til dei venstregruppa GUE-NGL, Det sameinte europeiske venstre-Nordiske grøne venstre. Etter parlamentsvalet i 2010 var det det femte største partiet i Nederland, med 15 representantar i det nederlandske parlamentet. Leiar er Jan Marijnissen.

Oppslutning ved parlamentsval 1994-2010 Årstal Mandat Røyster 2010 159,8 % 2006 2516,6 % 2003 9 6,3 % 2002 9 5,9 % 1998 5 3,5 % 1994 2 1,3 %

Kjelder

Bakgrunnsstoff Engelskspråklege nettsider

Kategori:Sosialistiske parti Kategori:Nederlandske politiske parti Kategori:Venstresosialistar og reformkommunistar Kategori:Skipingar i 1972