Untxillaitz, Untxillaitx, Untxillaitx eller Untzillatx er eit fjell i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania med ei høgd på 934 meter over havet.

Fjellet er ein del av Urkiolafjella, men ligg ikkje langs same ryggen som Anboto. Fjellet består av kalkstein.

Fjellet dannar Atxartepasset i lag med nabofjellet Aitz Txiki og ligg i dalane Mendiola og Mañaria. Det er oppretta dagbrot på begge sider av fjellet, men den ved Atxarte er ikkje lenger i drift.

På nordsida av fjellet ligg ein knaus kalla Urresti. Denne er populær hos fjellklatrarar og fleire gribbar hekkar her.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Untxillaitz» frå , den 16. mai 2009.

Bakgrunnsstoff Mendikat Las montañas

Kategori:Fjell i Baskarland Kategori:Fjell i Spania