Fulfulde er eit språk som blir snakka i Vest-Afrika. Det blir tala av fulaniane frå Senegal til Kamerun og Sudan. Etter arabisk og dei tidlegare europeiske kolonispråka engelsk og fransk er fulfulde det språket som har den største geografiske utbreiinga i Afrika. Fulfulde har 20 nominalklassar («grammatisk kjønn») i eintal – noko som truleg er flest av alle språk.

Namn på språket Talarar vestanfor Maasina i Mali kallar språket sitt pulaar, bortsett frå i Guinea, der dei kallar det pular, medan dei som snakkar dialektar frå Maasina og austover, seier fulfulde.

Språket fulfulde er òg kjent under mange andre namn:

Fula. Særleg nytta på engelsk; kjem frå mandinka fula 'fulani'. Ful. Særleg nytta på tysk; laga frå rota til ordet fulfulde. Fulani. Særleg nytta på engelsk; kjem av hausa Filàanii 'fulaniar', fleirtal av Bàfillaacèe. Peul. Særleg nytta på fransk; kjem av wolof Pël 'fulani'.

mini|Fulanikvinner i Paoua i Den sentralafrikanske republikken.

Desse nemningane blir òg mykje nytta om den etniske gruppa, i denne artikkelen omtala som fulaniar, fleirtal av fulani. Sjølve kallar dei seg pullo (eintal), fulɓe (fleirtal). Eit anna namn på folket er fellata, som kjem av kanuri fǝláta 'fulani'. Pular er det offisielle regionale språket i Guinea, og mange talarar er einspråklege (monolingvale).

Typologi Syntaks Fulfulde er eit SVO-språk med kjerneinitiale frasar, som illustrert i dette dømet: S V O Adv NP NP PP kjerne attributtar kjerne attributt substantiv adjektiv talord preposisjon NP Gaynaako tawii na'i daneeji ɗiɗi bannge maayo gjætar fann kyr kvite to nær elv Gjætaren fann to kvite kyr nær elva Morfologi Fulfulde er eit syntetisk språk, ved at mange ord inneheld meir enn eitt morfem. I setninga Gaynaako tawii na'i daneeji ɗiɗi bannge maayo 'Gjætaren fann to kvite kyr nær elva' inneheld alle orda fleire morfem, unnateke preposisjonen bannge 'nær':

Gaynaako tawii na'i daneeji ɗiɗi bannge maayo gaynaa- -ko taw- -ii na'- -i dan- -ee- -ji ɗiɗ- -i bannge maay- -o gjætar O-klasse finne aktiv, fri, perfektiv ku ƊI-klasse kvit ADJ ƊI-klasse to ƊI-klasse nær elv NGO-klasse Gjætaren fann to kvite kyr nær elva

Det er dessutan eit flekterande språk. Bøying blir uttrykt gjennom modifikasjon og suffiks, og mange suffiks er uttrykk for fleire grammatiske trekk. I dømet over ser vi at suffikset -ii i verbforma tawii 'fann' er uttrykk for tre grammatiske trekk, aktiv (i motsetnad til medium og passiv), fri (i motsetnad til konjunkt) og perfektiv (i motsetnad til imperfektiv). Fulfulde har ikkje kasus.

Fonologi Fulfulde har berre to stavingstypar, ON og ONK, der O = opptakt, N = nukleus (også kalla kjerne) og K = koda. Stavinga har med andre ord obligatorisk opptakt og nukleus og valfri koda. Opptakt og koda inneheld éin og berre éin konsonant. Nukleus inneheld ein stutt eller ein lang vokal. Språket har ikkje diftongar. Slektskap

Fulfulde blir rekna til undergruppa Senegal-språk i den nordlege greina av dei atlantiske språka, som utgjer ei hovudgrein av språkfamilien niger-kongo.

Dialektar mini|300px|right|Dette kartet over fulanske jihād-statar kring år 1830 viser samstundes område i Vest-Afrika der fulfulde framleis står særskilt sterkt, nemleg Fuuta Jaloo (dialektområde 1), Fuuta Tooro (dialektområde 2), Maasina (dialektområde 3) og området for det gamle Sokkoto-kalifatet (dialektområde 4, 5 og 6).

Fula har fleire ulike dialektar. Ei mogeleg inndeling er:D.W. Arnott 1970: The Nominal and Verbal Systems of Fula. Oxford, at the Clarendon Press.

1. Pular, Fuuta Jaloo (Guinea) 2. Pulaar, Fuuta Tooro (Senegal, Gambia, Mauritania og Vest-Mali) 3. Fulfulde, Maasina (det midtre Mali) 4. Fulfulde, Liptaako-Sokkoto (Aust-Mali, Burkina Faso, Vest-Nigeria og Vest-Niger) 5. Fulfulde, Aust-Niger og Midt-Nigeria 6. Fulfulde, Aadamaawa (Aust-Nigeria og Nord-Kamerun)

Lånord Språket har lånt mykje frå arabisk og fransk språk, men også frå engelsk, portugisisk, malinke, susu, wolof og andre språk. Lånorda frå arabisk gjeld fyrst og fremst religion (islam), filosofi, grammatikk og skriftkultur, medan lånorda frå fransk og engelsk gjeld moderne teknologi.

Her er nokre døme - frå Aadamaawa-dialekten - på lånord frå arabisk: annaboojo 'profet' < arabisk an-nabī النبي asama 'himmel' < arabisk as-samāʔ السماء mallum(jo) 'koranlærar' < muʕallim معلم deftere 'bok' < arabisk daftar دفتر 'skrivehefte, kladdbok'

Alfabet Fula blir skrive med det latinske alfabetet og det arabiske alfabetet.

Det latinske alfabetet Det latinske alfabetet blei teke i bruk for å skrive fulfulde på 1800-talet, i samband med europeisk kolonisering og misjon.

I februar-mars 1966 skipa UNESCO ein konferanse i Bamako (hovudstaden i Mali), Meeting of Experts for the Uni!cation of Alphabets of the National Languages. Der blei det føreslege ny ortografi i det latinske alfabetet for mange afrikanske språk, mellom anna fulfulde. Det trongst ein standardisert ortografi, for skrivemåten varierte sterkt frå bok til bok, og framleis blir det gjeve ut bøker med avvikande ortografi.

Det latinske alfabetet har desse store og små bokstavane: ', A a, B b, Ɓ ɓ, Mb mb, C c, D d, Ɗ ɗ, Nd nd, E e, F f, G g, Ng ng, H h, I i, J j, Nj nj, K k, L l, M m, N n, Ɲ ɲ, Ŋ ŋ, O o, Pp, R r, S s, T t, U u, V v, W w, Y y, Ƴ ƴ, Z z. I staden for Ɲ ɲ nyttar ein òg Ñ ñ eller Ny ny. Den glottale lukkelyden ' blir oftast ikkje skriven fremst i ord, slik at anndal 'kunnskap' står for /ʔanndal/. Den fonetiske verdien til dei ulike bokstavane er beskriven i avsnittet Lydsystemet nedanfor.

Det arabiske alfabetet Det arabiske alfabetet har vore kjent mellom fulaniane sidan muslimske handelsfolk kom til Vest-Afrika på 800-900-talet. Dette alfabetet kan nyttast på fleire vis for å skrive fulfulde. Tabellen under viser den tradisjonelle skrivemåten av konsonantane i Nord-Kamerun.

Det arabiske alfabetet Labial Apikal Laminal Dorsal Glottal Nasal m م n ن ny ي ŋ غ   Prenasal plosiv mb ب nd د nj ج ng غ   Stemd plosiv b ب d د j ج g غ   Implosiv ɓ ب ɗ ط ƴ ي     Ustemd plosiv p ف t ت c ش k ك ' ع Ustemd frikativ f ف   s س   h ح Rotikon   r ر       Approksimant   l ل y ي w و  

Som tabellen viser, blir stemde plosivar og prenasale plosivar skrivne likt. Vidare skil ein mellom anna heller ikkje mellom b og ɓ eller mellom f og p. Vokalane i, a og u blir skrivne som på arabisk, jamfør til dømes عَسِرِ asiri 'bedetid ved 16-tida' (< arabisk ʕaṣr عَصر) og سُبَحَ subaha 'bedetid før soloppgang' (< arabisk subħ سُبح), medan o blir skriven med ʿ over konsonanten og e med . under konsonanten.

Dei siste tiåra har ein ny skrivemåte blitt utvikla, der alle konsonantfonema er skilde frå kvarandre. Dei prenasale plosivane blir skrivne مب mb, ند nd, نج nj og نغ ng; p blir skrive پ ; ɓ og ƴ blir skrivne som høvesvis ب b og ي y med ء ʔ over. Ny blir skriven som ein kombinasjon av ن og ي, slik at eldre يَامَ nyaama får ein prikk over fyrste konsonanten.

Fonologi

Stavingsstruktur Fulfulde har stavingar av typane CV, CVV, CVC og CVVC, der C = konsonant, V = stutt vokal og VV = lang vokal. Med andre ord byrjar alle stavingar med éin og berre éin konsonant.

Vokalar Fula har fem stutte og fem lange vokalfonem:

Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda Trong i - ii u - uu Midtre e - ee o - oo Open a - aa   I mange dialektar varierer uttalen av dei midtre vokalane e, ee, o og oo allofonisk mellom dei trong-midtre , , og på den eine sida og dei open-midtre , , og på den andre. Fula har ingen diftongar.

Konsonantar Labial Apikal Laminal Dorsal Glottal Nasal m n ny ŋ   Prenasal plosiv mb nd nj ng   Stemd plosiv b d j g   Implosiv ɓ ɗ ƴ     Ustemd plosiv p t c k ' Ustemd frikativ f   s   h Rotikon   r       Approksimant (v ) l y w  

Frå Maasina og vestover blir ƴ uttala som ein palatal implosiv og austafor Maasina blir han uttala som ein knirkestemd halvvokal. Alle implosivane kan alternativt uttalast som knirkestemde plosivar.Ladefoged, P. 1964. A phonetic study of west African languages. Cambridge: Cambridge University. Reprinted 1968. ISBN 0-521-06963-7 Skiljet mellom v og w finst berre i nokre dialektar i Aadamaawa. Alle andre dialektar har berre w. Jamfør artikkelen Fulfulde: framlydsveksling. I Maasina blir w uttala [ɥ] føre fremre vokal (i, ii, e, ee).

Morfofonologi

Framlydsveksling

Eit karakteristisk drag ved fulfulde er framlydsvekslinga, det at konsonanten fremst i eit ord vekslar ved ordbøying. Her er nokre døme i Aadamaawa-dialekt:

Substantiv pullo 'fulani', fleirtal fulɓe 'fulaniar'; eintalsforma (i O-klassen) tek til med p og fleirtalsforma (i ƁE-klassen) med f fowru 'hyene', fleirtal pobbi 'hyenar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med f og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med p reedu 'mage', fleirtal deeɗi 'magar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med r og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med d yitere 'auga', fleirtal gite 'augo'; eintalsforma (i NDE-klassen) tek til med y og fleirtalsforma (i ƊE-klassen) med g hofru 'kne', fleirtal koppi 'kne'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med h og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med k mbeewa 'geit', fleirtal be'i 'geiter'; eintalsforma (i NGA-klassen) tek til med mb og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med b

Verb o warii 'ho/han kom', fleirtal ɓe ngarii 'dei kom'; verbet tek til med w med eintalssubjekt og med ng med fleirtalssubjekt o fiɗii 'ho/han skaut', fleirtal ɓe piɗii 'dei skaut'; verbet tek til med f med eintalssubjekt og med p med fleirtalssubjekt o reenii 'ho/han venta', fleirtal ɓe ndeenii 'dei venta'; verbet tek til med r med eintalssubjekt og med nd med fleirtalssubjekt

Ei rot kan førekome med tre ulike konsonantar. Rota war- 'kome' finst i variantane war-, gar- og ngar-, der framlydskonsonanten førekjem i høvesvis kontinuant-stadiet, plosiv-stadiet og prenasal-stadiet. Heile framlydsvekslingssystemet med døme er presenterte i Fulfulde: framlydsveksling.

Suffiksveksling

Nominalklassesuffiksa, som vi primært finn på substantiv, adjektiv og partisipp, varierer i form, her illustrert med fire substantiv i NGAL-klassen (suffiksa er skilde ut med ein bindestrek):

gerl-al 'rapphøne' jigaa-wal 'gribb' iloo-gal 'fiskeørn' jaaw-ngal 'perlehøne'

Desse fire variantane utgjer dei fire suffiksvekslingsstadia til suffikset i NGAL-klassen. Dei fire stadia har desse namna:

-al nullstadiet -wal kontinuantstadiet -gal plosivstadiet -ngal prenasalstadiet

Dei tre siste stadia, kontinuantstadiet, plosivstadiet og prenasalstadiet, kan jamførast med dei tre stadia i framlydsvekslinga. Her er eit oversyn over alle dei vekslingsrekkjene som finst ved nominalklassesuffiksa: Suffiksvekslinga Ɗ-rekkja Gi/e-rekkja Gu/o/a-rekkja B-rekkja D-rekkja K-rekkja Nullstadiet - - - - r - Kontinuantstadiet j y / w w w r h / w Plosivstadiet ɗ g g b d k Prenasalstadiet ɗ ng ng mb nd k

Det står y / w i kontinuantstadiet i Gi/e-rekkja. Vi finn w i Fuuta Jaloo- og Maasina-dialekten og y i andre dialektar. Det står h / w i kontinuantstadiet i K-rekkja. Vi finn w i Maasina-dialekten og h i andre dialektar. B-rekkja finst berre i Fuuta Jaloo- og Fuuta Tooro-dialekten.

Morfologi Eit karakteristisk drag ved fulfulde og dei fleste andre niger-kongo-språk er nominalklasse-systemet. I fulfulde kongruerer adjektiv, talord, partisipp og determinativ med substantivet med omsyn til nominalklasse, og skil seg frå bantuspråka, der finitte verb også har nominalklasse-kongruens med subjekt og objekt. Substantiv

Substantivet på fulfulde førekjem i normalt i seks ulike former som alle høyrer til kvar sin nominalklasse, her illustrert med substantivet RAWAANDU 'hund' i Aadamaawa-dialekten:

Eintal Fleirtal Grunn-nominalklassar rawaandu 'hund' dawaaɗi 'hundar' Diminutiv-nominalklassar dawaangel 'liten hund' ndawaakon 'små hundar' Augmentativ-nominalklassar ndawaanga 'stor hund' ndawaako 'store hundar'