upright|mini|Den japanske kunstløparen Mai Asada. mini|upright|Den australske landhockeyspelaren May Campbell. Mai, Maj og May er kvinnenamn og slektsnamn av ulike opphav, ofte knytt til månaden mai. Mai har norsk namnedag den 7. mai, medan Maj har svensk namnedag den 19. mai.
Tydingar Namnet kan vera ei nordisk, opphavleg svensk kortform av Maria. Det er i denne samanhengen i slekt med Maia og Mia.
Det engelske namnet May kan stamma frå månaden mai (eng. May), eit namn på hagtorn og som ei kjæleform av Mabel, Mary og Margaret. May kan også vera eit engelsk slektsnamn.
Mai er eit vietnamesisk kvinnenamn og slektsnamn som betyr ‘gyllen blom’, og viser til blomane på treet Ochna integerrima som blir brukt som lukkesymbol under vietnamesisk nyårsfeiring.
Det kan brukast av hmongfolk om den einaste eller yngste dottera i ein familie. Det er også eit japansk kvinnenamn som tyder 'dans'.
Mài er eit kinesisk slektsnamn (麥 med tradisjonell kinesisk skrift).
Namneberarar Maj Sønstevold (1917-1996), norsk komponist og pedagog Margit «Mai» Lindegård (1919-1968), norsk forfattar og skodespelar Mai Zetterling (1925-1994), svensk skodespelar og filmregissør Maj Britt Andersen (f. 1956), norsk artist
Kjelder
behindthename.com Delar av denne artikkelen bygger på «May» frå , den 6. mai 2009. Delar av denne artikkelen bygger på «Mai» frå , den 6. mai 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Kortnamn Kategori:Namn knytte til kristendommen Kategori:Førenamn av hebraisk opphav Kategori:Vietnamesiske namn Kategori:Nordiske førenamn Kategori:Engelske førenamn Kategori:Engelske slektsnamn Kategori:Namn knytte til plantar