Tove Bakke () Kulturnett.no. er ein norsk omsetjar og gjendiktar. Ho er utdanna cand.mag. i fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho omset hovudsakleg frå fransk og spansk, og har omsett verk av forfattarar som mellom anna Astrid Lindgren, Anna Gavalda, Laurent Gaudé, Daniel Pennac og Ian Sansom. Ho har også omsett ei rad ulike teaterstykke. Sidan 1989 har ho vore saksbehandlar i Norsk Kulturråd sin litteraturseksjon.
Ho har motteke både Bastianprisen i 2003, og Samlagsprisen i 2008. I 2009 var ho festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker omsette av Tove Bakke hjå Nasjonalbiblioteket Tove Bakke. Det Norske Samlaget.
Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Folk frå Gaular Kategori:Vinnarar av Samlagsprisen Kategori:Vinnarar av Bastianprisen