Rio Mijares er ei elv i Spania, som spring ut i Sierra de Gúdar i kommunen El Castellar (provinsen Teruel). Ho oppstår der fleire elvar renn saman om lag 1600 meter over havet, og har ei lengd på 156 km.
Elva munnar ut i Middelhavet og dannar ein slags lagune ved munningen som er om lag 90 meter brei. Elva har eit nedslagsfelt på 4028 km² og ei middelvassføring på 14,72 m³/s.
Mijares vert både nytta til vatning og til straumproduksjon. Fleire reservoar, med Arenosodammen (136,9 hm³) og Sichardammen (49,3 hm³) som dei største, er bygd for desse føremåla.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Río Mijares» frå , den 1. mai 2009.
Mijares