Rangitikei-elva er ei av del lengste elvene på New Zealand. Ho er 185 km lang.

Utspringet til elva er søraust for Tauposjøen i fjellområdet Kaimanawa Range. Ho renn sørover frå det sentrale platået på Nordøya forbi Taihape, Mangaweka, Hunterville, Marton og Bulls, til South Taranaki Bight (Sør-Taranakibukta) ved Tangimoana, 40 km søraust for Wanganui, der ho når Tasmanhavet. Elva renn gjennom og langs Rangitikei District som ho har gjeve namnet til.

I 1897 fløymde elva over, og alle seks bruene over henne vart skada eller øydelagde. Hamna ved elvemunningen vart også vaska bort og aldri bygd opp att.

Elva er ein populær stad for fritids- og rekreasjonsaktivitetar. Dei steile vertikale «paapa»-(leir)klippene (unike i denne delen av New Zealand) og djupe elvegjel sørgjer for perfekte tilhøve for ekstremopplevingar som strikkhopp og liknande aktivitetar. Gravity Canyon ved Mokai er ein verdskjend attraksjon.http://www.gravitycanyon.co.nz Delar av Rangitikei vart bruka som Anduin-elva av filmregissøren Peter Jackson i den første filmen om Ringdrotten, Ringens brorlag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rangitikei River» frå , den 26. april 2009.

Bakgrunnsstoff Rangitikei Towns

Kategori:Geografi i Manawatū-Whanganui Kategori:Elver på New Zealand