Domžale er ein by og ein kommune i den statistiske regionen Sentral-Slovenia i Slovenia. Han ligg aust i den tradisjonelle regionen Gorenjska. I 1998 blei ein del av kommunen skild ut til ein ny kommune, Trzin.
Kommunen ligg ved foten av Kamnik-Alpane og vert kryssa av elva Kamniška Bistrica, som spring ut i denne delen av Alpane. Landskapet er prega av skogkledde åsar og jorder.
Domžale er i dag kjend for veksande små føretak, jordbruk og lettindustri. Krumperk slott i renessansestil ligg i byen, som òg har eit yrande folkemusikkmiljø.
Domžale radiosendar, den kraftigaste sendaren i Slovenia, låg nær byen. Han nådde store delar av Europa på mellombølgja.
Folketal Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2021 Domžale 11 582 12 406 13 102 Vir 3 078 3 415 3 454 Preserje pri Radomljah 1 306 1 531 2 120 1 566 1 674 1 720 1 395 1 563 1 636 Kommunen Domžale 29 902 33 936 36 683
Merknader
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Domžale» frå , den 25. april 2009.
Referansar
Domzale Kategori:Kommunar i Sentral-Slovenia statistiske region Kategori:Busetnader i Sentral-Slovenia statistiske region