Taupō, eller Taupo, er ein by ved breidda til innsjøen Lake Taupo sentralt på Nordøya på New Zealand. Han er setet til Taupo District Council og ligg i den sørlege delen av regionen Waikato.
Taupo har eit innbyggjartal på 22 000. I 1953 fekk Taupo offisiell bystatus (borough), men har sidan 1989 vorte administrert av Taupo District Council, og distriktet omfattar både sjølve byen Taupo og tilliggjande landområde.
Namnet «Taupo» kjem frå maori Taupō-nui-a-Tia. Bokstaveleg omsett tyder det 'Den store kappa til Tia', der Tia er namnet til han som oppdaga innsjøen.
Geografi Taupo ligg ved utløpet til Tauposjøen, den største innsjøen på New Zealand, i det nordaustlege hjørnet til sjøen der han tømmer seg i Waikatoelva. Elva dannar eit av dei flottaste fossefalla på New Zealand, Huka Falls, eit kort stykke nord for byen. Byen er eit senter for vulkansk og geotermisk aktivitet, og varme kjelder som høver til bading finst fleire stader i nærleiken. Vulkanfjellet Mount Tauhara ligg seks km mot aust.
Taupo ligg ved riksvegen State Highway 1 som her ligg i same trasé som State Highway 5. Byen ligg 53 km nord for Turangi. Han er eit av dei få sentera på New Zealand som aldri har vore knytt til jarnvegsnettet.
Vêrlag + 30px Klimatabell: Taupo 25px Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov DesÅr Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,3°C74°F23,3 °C74 °F20,9 °C70°F17,6°C64 °F14,1 °C57 °F11,8 °C53 °F11,2 °C52 °F12,1 °C54 °F14,1 °C57 °F16,5 °C62 °F19,0 °C66 °F21,3 °C70 °F16,9°C 62°F Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,5°C53°F11,6 °C53 °F10,2 °C50 °F 7,4 °C45 °F 4,9 °C41 °F 3,4 °C38°F 2,2 °C36 °F 3,0 °C37 °F 4,7 °C40 °F 6,6 °C44 °F 8,4 °C47 °F10,1 °C570 °F 7,1°C45°F Gjennomsnittleg total nedbør 85 mm3,35 "77 mm3,03 "83 mm3,27 "74 mm2,91 "87 mm3,43 "99 mm3,90 "105 mm4,13 "109 mm4,29 "90 mm3,54 "102 mm4,02 "85 mm3,35 "108 mm4,25 "1102 mm43,39 " Kjelde: Niwa Science climate data venstre|mini|Ei av hovudgatene i sentrum av Taupo, med parkområdet Taupo Domain til venstre. venstre|mini|Luftfoto av byen sett frå aust, med Tauposjøen og Waikatølva. venstre|mini|Fossestryka Huka Falls.
Økonomi Taupo er eit turistsenter, særleg om sommaren, der ein finn panoramautsikt over sjøen, og mot dei vulkanske fjella i nasjonalparken Tongariro National Park i sør. Her finst ei rekkje aktivitetar for tilreisande, mellom anna fallskjermhopp, paragliding, vassport og mountain biking.
Taupo yter tenester til ei rekkje skogbruksverksemder i området, mellom desse Kaingaroaskogen, den største menneskeskapte skogen på den sørlege halvkula, med tilhøyrande trelastindustri. Eit stort sagbruk ligg om lag 3 km nordaust for byen.
Den termiske kraftstasjonen Wairakei geothermal power station ligg nokre få km nord for byen.
Transport Taupo ligg ved riksvegane State Highway 1 og og State Highwau 5 og turistvegen Thermal Explorer Highway. Alle desse tre vegane går saman i ei elleve kilometers strekning frå Wairakei i til den sørlege delen av Taupo.
Flyplassen Taupo Airport ligg sør for byen. Frå flyplassen har Air New Zealand og Eagle Airways direkte flyruter til Auckland og Wellington
Venskapsbyar Hakone i Japan Noumea i Ny-Caledonia Suzhou i Kina Xi'an i Kina
Panorama
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taupo» frå , den 25. april 2009.
Bakgrunnsstoff Heimeside til distriktsstyret Destination Lake Taupo Wikitravelside om Taupo Heimeside for Turangi og Lake Taupo Gatekart over Taupo Taupo bibliotek
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Distrikt på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato Kategori:Taupo District