Leif Værum Larsen () var ein norsk trombonist og politikar. Han var i mange år solotrombonist i Stavanger Symfoniorkester. Han var ei sentral drivkraft i prosjektet med det nye konserthuset i Stavanger. Larsen var også svært oppteken av å utvikle symfoniorkesteret fram mot opninga av det nye huset. Han var i mange år tillitsvald for musikarane og på vegner av dei tilsette sat han i styret for Stavanger Symfoniorkester. Leif Værum Larsen var son av Leif Larsen som tidlegare var ordførar i Stavanger. Leif Værum Larsen sat også sjølv i mange år i bystyret for Arbeidarpartiet.

Kjelder «Leif Værum Larsen er død » på Aftenbladet.no (07.04.2009).

Kategori:Norske trombonistar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Ap-politikarar i Rogaland