Sora er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og renn nordaust i landet. Elva spring ut i Škofja Loka-fjella. Ho er danna av kjeldeelvene Poljanska Sora eller Poljanščica, som renn gjennom dalen Poljanska dolina, og Selška Sora eller Selščica frå dalen Selška dolina. Sora munnar ut i Sava ved Medvodah. Middelvassføringa hennar ved munningen er 25 m³/s. Elva har store variasjonar i vassføring, og fløymer ofte over. Den største vassføringa ved munningen, som blei målt i 1990, var 690 m³/s.

Poljanska Sora er 43 km lang medan Selška Sora er 32 km. Dei renn saman i Škofja Loka og renn saman som Sora i 9,2 km til Medvode, der elva renn ut i Sava. Tek ein med Poljanska Sora, den lengste av kjeldeelvene, er Sora 52 km lang. Dette gjer henne til den 15. lengste elva i Slovenia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sora (river)» frå , den 25. oktober 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Slovenia